Fleire av ungdommane som bur på barnevernsinstitusjonar i Oslo, slit med rus. Dei har ofte utvikla problema før dei flyttar inn og har høg risiko for å bli involvert i rusrelatert kriminalitet.
Likevel manglar rusarbeidet ved institusjonane ei felles og strukturert tilnærming, viser ny forsking.
– Det viktigaste funnet kan samanfattast i eit sitat frå ein av informantane våre: «Me gjer mykje, men kanskje ikkje systematisk», seier Ragnhild Fugletveit.
Dei tilsette ønskjer meir kunnskap
På oppdrag frå Barne- og familieetaten i Oslo kommune har ho og kollegaer ved Institutt for sosialfag ved OsloMet forska på korleis rus blir handtert i institusjonane.
– Eg vil understreka at dei tilsette gjer ein god jobb, men dette er krevjande arbeid, seier Fugletveit.
Ho poengterer at barnevernsinstitusjonane i Barne- og familieetaten ikkje primært er retta mot å handtere dei unges rusproblem, og at rus ofte berre er éin del av dei samansette utfordringane ungdommane har.
Dei tilsette etterspør meir kunnskap om rusmiddel og korleis ein jobbar med rus i praksis.
– Dei opplever avmakt fordi dei kan for lite om rus. Dei kjenner seg litt sjakk matt, fordi ungdommane ligg framfor dei.
Kontroll og tvangsinngrep gir etiske dilemma
Hovudutfordringa med dagens praksis er mangelen på langtidsperspektiv, meiner Fugletveit.
– Rusarbeidet er ofte prega av kortsiktige tiltak der målet er å stoppa rusbruken her og no.
Ho meiner det heng saman med institusjonane sin nulltoleranse for rus.
– Nulltoleranse er nødvendig, men det blir også berande for heile arbeidet. Det er eit prinsipp det er lett å følgja; med klare reglar og konsekvensar.
Mykje av handteringa skjer gjennom kontroll og inngrep når det er mistanke om rus, som ransaking og avgrensing av rørslefridommen.
– Det er naturleg, sidan det er forbode å rusa seg. Men det skaper etiske dilemma, særleg når ungdom rusar seg jamleg. Kor mange inngrep kan ein gjera? Kor ofte?
Det er ei utfordring at ein på den eine sida ønskjer openheit om rus, medan på den andre sida får openheita konsekvensar for ungdommane.– Ragnhild Fugletveit
Redsel og sinne
Ungdommane reagerer ofte på slike inngrep med redsel, sinne eller ved å isolera seg, og det kan svekkja relasjonane til dei tilsette.
– Dei tilsette synest også det er krevjande å gjennomføra slike inngrep, seier Fugletveit.
Ho framhevar at mange tilsette også jobbar miljøterapeutisk med årsakene til rusbruk.
– Men dette arbeidet er mindre formalisert og verkar meir personavhengig.
Treng betre kartlegging av rusomfanget
For å skapa varig endring, etterlyser forskarane meir systematisk arbeid over tid. Dei meiner det startar med betre spesifikk kartlegging av rusomfanget når ungdommane flyttar inn i institusjonane.
Studien viser at dei tilsette ofte veit for lite om rusutfordringane til ungdommane, og at rusproblema ofte kan vere meir omfattande enn beskrive i tilvisingane frå barnevernstenesta.
– Det er vanskeleg for barnevernstenesta å kartleggja rus fordi dei møter ungdommane over så kort tid, og fordi rusomfanget kan endre seg, forklarer Fugletveit.
Følgjer utviklinga til ungdommane over tid
Den konkrete anbefalinga frå forskarane er å utvikle standardiserte framgangsmåtar for å kartlegge og arbeide med rusutfordringar, for eksempel ved å sjå til oppfølgingsverktøy som UngDOK, som er eit svensk, standardisert rus-kartleggingsverktøy.
– Det viktigaste poenget er at eit slikt verktøy må brukast aktivt over tid – ikkje berre ved inntak, forklarer Fugletveit.
Det kan gi ei meir systematisk oppfølging, der tilsette kan følgja utviklinga til ungdommane og tilpassa tiltaka undervegs.
Meir openheit og dialog
I tillegg anbefaler forskarane meir openheit og betre dialog om rus.
– Det er ei utfordring at ein på den eine sida ønskjer openheit om rus, medan på den andre sida får openheita konsekvensar for ungdommane, seier Fugletveit.
Det kan gjere kartlegging vanskeleg.
– Nulltoleransen kan gjera at ungdommane blir stille fordi dei fryktar konsekvensar.
Forskarane anbefaler derfor ikkje berre å bruka kontroll og sanksjonar, men å kombinera klare reglar med meir skadereduserande tilnærmingar. Det inneber å snakka meir om kvifor ungdom rusar seg og jobbe for å redusera skadane og auka livskvaliteten.
Dei meiner også det er viktig å styrke ungdomsmedverknaden i arbeidet med å utvikle praksisar.
– Rus og kriminalitet er eit stort samfunnsproblem, og me treng å ha ungdommane med på laget.
Dei har erfaringar og innsikt som kan bidra til betre løysingar, seier Fugletveit.
– Det er mykje klokskap blant ungdommane.
Referanse
Fugletveit, Ragnhild; Johannessen, Dagny A.; Valset, Kirsti K. (2026) «Vi gjør mye, men kanskje ikke systematisk» Om håndtering av rusutfordringer blant unge i barnevernsinstitusjoner i Barne- og familieetaten, Oslo Kommune. (skriftserien.oslomet.no)