Slik unngår du å bli lurt av falske helsepåstandar

Mor og datter ser på noe på mobilen sammen i en matbutikk.

«Dette kosttilskotet styrkjer immunforsvaret ditt.»

«C-vitamin førebyggjer forkjøling.»

«Denne alternative behandlinga kurerer kreft.»

Vi lever i ei tid der informasjonsmengda om helsa vår er overveldande. Vi blir bombardert med helsepåstandar i media, sosiale medium og reklame. Det er derfor viktigare enn nokon gong å kunne vurdere kva påstandar som er sanne og kva for nokre av dei som ikkje er det.

Kva er ein helsepåstand?

Ein helsepåstand er ei fråsegn eller påstand om ein samanheng mellom eit tiltak og ein helsegevinst. Tiltaket kan vere ei matvare, ein del av ei matvare, eit kosttilskot, medisinske behandlingar, prosedyrar eller utstyr.

Ein falsk helsepåstand vil vere ugrunna, unøyaktige eller partiske påstandar. Slike påstandar kan vere anekdotar, umedvite villeiande informasjon eller reklame. Felles for påstandane er at dei manglar eller har eit ufullstendig kunnskapsgrunnlag.

– Vi kan ikkje stole blindt på det som blir presentert for oss, og vi må derfor utvikle den kritiske vurderingsevna vår slik at vi kan ta informerte avgjerder om vår eiga helse, seier stipendiat Ida-Kristin Ørjasæter Elvsaas ved OsloMet.

Ho og fleire forskarkollegaer ved OsloMet er knytt til prosjektet «Bak overskriftene», som har som mål å auke kritisk tenking i møte med helsepåstandar (sjå faktaboks).

Kan få alvorlege konsekvensar

Det kan nemleg få alvorlege konsekvensar å bli lurt av falske helsepåstandar.

– Viss du trur på og handlar på bakgrunn av upålitelege helsepåstandar kan både helse og økonomi lide. Det gjeld både på det individuelle planet og på samfunnsnivå, fortel Elvsaas.

I aller verste fall kan du ta i bruk behandlingar som ikkje verkar eller avstå frå å prøve behandlingar som har godt dokumentert effekt.

Til dømes kan ein kreftpasient som vel alternative behandlingsformer i staden for å gjennomføre kreftbehandling på sjukehus, ende med å forverre prognosane sine.

Korleis vurdere påstandar meir kritisk?

Så korleis kan vi bli betre på å skilje falske helsepåstandar frå sanne?

– Kjeldekritikk er sjølvsagt viktig. Samtidig kan misvisande og ufullstendige helsepåstandar også finnast i tradisjonelt truverdige kjelder. Derfor er det ikkje nok å berre vurdere truverda til kjelda, påpeikar Elvsaas.

Vi bør derfor bli betre til å saumfare det som faktisk blir sagt eller blir skrivne, meiner ho.

Elvsaas trekkjer fram fem ulike prinsipp som kan hjelpe oss med å vurdere helsepåstandar meir kritisk.

1. Ein samanheng er ikkje det same som ein årsakssamanheng

–  Samanhengar blir ofte presenterte som årsakssamanhengar i både media og sosiale medium, men det er altså ikkje det same, understrekar Elvsaas.

Viss forskarar til dømes finn ein samanheng mellom forkjøling og inntak av C-vitamin, betyr ikkje det nødvendigvis at det er ein årsakssamanheng, altså at C-vitamin førebyggjer forkjøling.

Det kan til dømes vere at dei som tek C-vitamin også har sunnare livsstil og at det er årsaka til at dei held seg friske. Det kan med andre ord vere noko heilt anna enn C-vitamin som er årsaka til at dei sjeldan blir forkjølte. Eller det kan vere ein kombinasjon av fleire ting som gjer at dei unngår haustforkjølinga.

2. Resultata frå éin enkeltstudie er ikkje nok

For å skaffe truverdig kunnskap om eit produkt eller tiltak, må det gjennomførast fleire solide og relevante studiar.

Å skaffe truverdig kunnskap gjennom forsking er ein omfattande prosess som ofte krev fleire fasar, frå dyreforsøk eller observasjonsstudiar, til gjennomføring av randomiserte kontrollerte studiar (sjå faktaboks). Deretter må ein samle all relevant forsking på området i systematiske oversikter.

– Dei ulike fasane for å finne fram påliteleg kunnskap kan også bety at forståinga vår av effekten av eit tiltak kan endrast over tid.

Det finst mange døme på at ein effekt som er funnen i ein eller nokre få studiar har vist seg å vere feil.

Tidleg på 1980-talet vart til dømes nattlysolje foreslått som ei trygg og effektiv behandling av eksem. Dette var basert på éin studie som fann gunstig effekt av nattlysolje når den vart teken i høge dosar.

Dei følgjande to tiåra vart fleire studiar publiserte med motstridande resultat. I 2002 vart det likevel publisert ei systematisk oversikt som inkluderte alle relevante studiar, og denne konkluderte med at det ikkje var bevis for at nattlysolje er gunstig mot eksem.

3. Små studiar kan vere misvisande

Vi bør også vere skeptiske til studiar med få deltakarar. Resultatet kan ha oppstått ved eit slumpetreff og ikkje på grunn av ein reell forskjell mellom gruppene.

Til dømes fann ein forskingsstudie at løping førte til mindre betennelse i knea etter ein 30-minutts løpetur. Studien omfatta likevel berre seks personar. Gruppa bestod også av både kvinner og menn og dei var spreidde i alder frå 18 til 35 år.

I slike små studiar kan resultata like gjerne komme av tilfeldigheiter, og ikkje ein reell effekt.

– Leit etter fleire solide studiar med representative utval som viser det same, og aller helst samanfatta forsking om problemstillinga, oppmodar Elvsaas.

Systematiske oversikter er høgast i bevishierarkiet fordi det er systematiske samanstillingar av all relevant litteratur, fortel ho.

4. Ver ekstra obs på studiar i spesielle grupper, dyrestudiar eller studiar i celler

Forsøk utført blant dyr, i cellekulturar eller i spesielle grupper er ikkje nødvendigvis overførbare til deg.

– Når du skal bestemme deg for om du skal gjennomføre ei behandling eller kjøpe eit produkt, må du alltid spørje deg sjølv om resultata frå dokumentasjonen er overførbare til deg.

Viss til dømes 400 toppidrettsutøvarar i ein studie tok C-vitamin regelmessig, og blei sjeldnare forkjølte, treng ikkje det å bety at du blir sjeldnare forkjølt om du tek C-vitamin regelmessig. Studien er nemleg gjennomført i ei veldig spesifikk gruppe. Den kan ikkje nødvendigvis overførast til vanlege folk som ikkje driv med toppidrett.

– For å vite meir om C-vitamin faktisk kan førebyggje forkjøling bør du sjekke om det finst randomiserte kontrollerte studiar med eit representativt utval av befolkninga som viser det same, oppmodar ho.

5. Teoriar om korleis noko fungerer treng ikkje å stemme i røyndommen

–  Er teorien eller spekulasjonen basert på ein hypotese? I så fall er ikkje det eit tilstrekkeleg grunnlag til å seie at dette produktet eller tiltaket har effekt, forklarer ho.

For å skaffe truverdig kunnskap om eit produkt eller tiltak, må vi gjennomføre relevant forsking.

–  Sjølv om vi gjerne skulle ønskje at ein teori eller ein spekulasjon stemmer, er det berre gjennom solid forsking vi kan finne ut om noko faktisk har den ønskte effekten, understrekar Elvsaas.

– Ved å utøve sunn skepsis, vil vi kunne unngå å kjøpe eller bruke produkt eller tiltak som ikkje verkar eller har uheldige biverknader, og som vi kanskje eigentleg ikkje treng for å leve gode liv, avsluttar forskaren.

Kva bør vi gjere når vi møter ulike helsepåstandar?

  1. Tenk deg nøye om før du vel eit tiltak, ei behandling eller kjøper eit produkt basert på ein helsepåstand.
  2. Spør deg sjølv: Er kjelda truverdig? Er det andre truverdige kjelder som seier det same?
  3. Sjekk grunnlaget for helsepåstanden. Er dette ein hypotese, er det éin persons erfaring eller er det noko personen som kjem med påstanden kan tene på? Eller er det dokumentert gjennom fleire solide forskingsstudiar? Kanskje til og med gjennom samanfatta forsking?
  4. Hugs at dei fleste tiltak eller behandlingar har både gode og dårlege effektar. Kunnskap om tiltak eller behandlingar kan også utvikle seg over tid.

Viktige omgrep å kunne

Samanfatta forsking

Systematisk samanstilling av forsking. Slike systematiske oversikter er høgast i bevishierarkiet fordi det er systematiske samanstillingar av all relevant litteratur om ei problemstilling.

Randomiserte kontrollerte studiar

Forsking der deltakarane er tilfeldig fordelt til ei behandlings- og ei kontrollgruppe. Slik forsking er rekna som gullstandarden for å finne ut om ei bestemd type behandling verkar eller ikkje.

Korrelasjon

Når det er ei samanheng mellom to variablar, også kalla samvariasjon. Dette treng ikkje å bety at den eine variabelen er årsak til den andre.

Det finst mange døme på tilfeldige sammenhengar, til dømes at talet på menneske som har drukna ved å falle i eit basseng korrelerer med filmar Nicolas Cage har spelt i. Men viss ein samanheng blir støtta opp av annan kunnskap eller forsking, kan det vere ein mogleg årsakssamanheng der.

Kausalitet

 Når det er ein årsakssamanheng mellom to variablar. Det er berre når forskarar finn årsakssamanhengar at ein kan seie at ein variabel fører til ein annan. Det er berre med nokre typar studiar ein kan finne årsakssamanhengar.

Det er dei store og godt gjennomførte randomiserte studiane som er nødvendige for å finne ut om eit tiltak har effekt samanlikna med eit anna tiltak. Viss dei store og godt gjennomførte studiane er observasjonsstudiar, kan vi ikkje fastslå effekt.

Referansar

Elvsaas, I.-K. O., Garnweidner-Holme, L., Habib, L., & Molin, M. (2023). Development and Evaluation of a Serious Game Application to Engage University Students in Critical Thinking About Health Claims: Mixed Methods Study. JMIR Form Res, 7, e44831 (formative.jmir.org).

«Bak overskriftene»

«Bak overskriftene» er eit tverrfagleg prosjekt ved OsloMet som starta i 2018.

Hovudmålet er å hjelpe studentar med å lære korleis ein kritisk vurderer helsepåstandar. Forskarane har utvikla og vidareutviklar eit undervisningsopplegg, der studentane blir introduserte til grunnleggjande prinsipp for å kritisk vurdere helsepåstandar.

Prosjektet utnyttar at mediestoff er lett, kjenneleg og underhaldande, for å hjelpe studentar med å lære prinsipp som også er grunnleggjande for å vurdere faglitteratur.

Initiativtakar er Fakultet for helsevitskap ved OsloMet. Fakultetet leier prosjektet i samarbeid med Institutt for journalistikk og mediefag og Fakultet for teknologi, kunst og design ved Institutt for informasjonsteknologi.

For å auke kritisk tenking i møte med helsepåstandane til media, har forskarane også utvikla eit mobilspel kalla «Bak overskriftene». Spelet er utvikla og prøvd ut blant studentar ved OsloMet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Illustrasjonsbilde av en mann som trener på tredemølle
Trening kan ha positive effekter for regulering av appetitten

Forskere har nå funnet en mulig forklaring i musklene på hvordan det kan skje.

Illustrasjonsbilde av en gammel mann som ligger i sengen og ser på en kvinne som sitter ved siden av han
– Helsevesenet har sviktet de pårørende

Mange pårørende på sykehjem blir ikke godt nok ivaretatt, sier Vibeke Lohne, som er professor i sykepleie.

Illustrasjonsbilde av en ung kvinne som sitter i en seng og tar seg på hodet
Muskel- og skjelettsmerter kan starte allerede i barndommen

Og ofte er det flere ting som plager ungdommene som får disse smertene. Forskere har sett på hva det er.

Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 08.09.2023
Sist oppdatert: 08.09.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Maskot / Scanpix