Kva skjer dersom fleire jobbar til dei blir 70?

Portrett av mann med bart på et lager

Å få fleire seniorar til å stå lenger i arbeid, er ei tverrpolitisk målsetjing grunna i ønsket om å sikre ein bærekraftig velferdsstat også i framtida.  

I ein rapport har NOVA-forskarane Tale Hellevik og Per Erik Solem ved OsloMet – storbyuniversitetet undersøkt kva som vil kunne skje med den frivillige innsatsen, familieomsorga og helsa til dei eldre dersom fleire står i arbeid til dei blir 70 år.

På bakgrunn av eigne analysar og funn frå tidlegare forsking har dei tenkt seg fram til moglege følgjer.

Yrkesdeltakinga blant 69- og 70-åringar er i dag om lag 20 prosent. Dersom ho skal auke til 50 prosent, noko som er nær tre gongar så mykje som i dag, viser analysane at det er mogleg å oppretthalde aldersgruppas bidrag på det frivillige området.

Dette er fordi dei som er i arbeid, gjer om lag like stor frivillig innsats som dei som er pensjonistar. Det er meir usikkert om seinare avgang frå yrkeslivet vil la seg foreine med auka innsats.

– No er det ikkje slik at sekstiåringane bidrar med mykje frivillig arbeid eller omsorg til personar utanom familien, understrekar Tale Hellevik.

Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) viser at om lag ein av tre personar mellom 62 og 69 år deltek minst ein gong i månaden i frivillige organisasjonar. Ein av fire fortel at dei gjev hjelp til personar utanom nær familie minst ein gong i månaden.

Hjelper familien

Dei eldre brukar meir tid på omsorg for familien enn på frivillig arbeid. Dei som er besteforeldre, passar barnebarna sjølv om dei er i arbeid. Dette går fint for dei fleste, då det sjeldan er snakk om dagleg pass.

Det er til og med litt fleire av dei som er i jobb, som passar barnebarn, samanlikna med dei som er pensjonistar. Difor er det liten grunn til å frykte at auka yrkesdeltaking vil minske innsatsen på dette området.

Vanskeleg å spå helseeffekten

Når det gjeld helse, er forskarane meir usikre på kva effekten av at fleire står lenger i jobb vil vere.

Eigenrapportert helse er betre blant yrkesaktive enn pensjonistar i sekstiåra. Dei 62–69-åringane som jobbar heiltid, har mykje betre helse enn pensjonistane. Ikkje så rart, kanskje, då dei som har dårleg helse, pensjonerer seg først.

At fleire må stå i jobb lenger, kan få både positive og negative følgjer. Dersom dei med dårleg helse blir tvungne til å fortsetje, til dømes fordi pensjonen blir for dårleg dersom dei slutar, så kan det bidra til å svekke helsa.

– Det som vil vere best, er at dei som har godt av å fortsetje i jobb, får fortsetje, og dei som får svekka helse, får slutte, konstaterer Solem.

Kan ikkje løyse personalkrisa

I sin tale på NHOs årskonferanse i 2017 understreka statsminister Erna Solberg at demografiske endringar «krever at vi øker antallet timeverk per innbygger med 13 prosent frem til 2060» for å trygge velferdssamfunnet. Då er det fleire grupper i samfunnet som må jobbe meir, og særleg treng vi fleire hender i omsorgssektoren.

Samtidig har  politikarar og styresmaktene store ambisjonar for auka samarbeid mellom frivillig sektor og det offentlige.

Men ifølgje Solem er det tvilsamt om frivillige eldre kan løyse personalkrisa i eldreomsorga.

– Frivillige hjelparar er ikkje ein stabil arbeidskraft ein kan nytte til pleie.

Dersom ein ønskjer at dei eldre skal bidra meir i samfunnet, kan vi forvente større effektar med seinare yrkesavgang. Sjølv om det er bra med frivillig innsats både for samfunnet og den einskilde senior, så vil det knapt få nokre store effektar innan eldreomsorga.

Om prosjektet

Forskarane vurderer kva den tenkte situasjonen med nesten tre gonger så mange yrkesaktive ved fylte 70 år som i dag kan bety for dei tre områda: frivillig arbeid, familieomsorg og helse. Utfalla av den tenkte situasjonen dei reflekterer rundt, er ikkje gjeven, og konklusjonane opne for diskusjon og alternative vurderingar.

Rapporten er tufta på beskrivande analysar som samanliknar yrkesaktive og pensjonistar i alderen 62–69 år når det gjeld frivillig arbeid, omsorg for partnar og foreldre, pass av barnebarn og helse.

Datagrunnlaget for analysane er andre runde av Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) frå 2007/2008.

Prosjektet er utført på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Referanse

Hellevik, T. & Solem, P.E. (2017): Mulige konsekvenser av økt yrkesaktivitet blant eldre. Hva kan skje med eldres frivillige innsats, bidrag til familieomsorg og helse dersom flere står i arbeid til de blir 70? NOVA Rapport 9/17 (fagarkivet.oslomet.no)

Denne saka blei opprinnelig publisert på hioa.no 30. januar 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 25.10.2018
Sist oppdatert: 28.07.2020
Tekst: Nina Eriksen
Foto: colourbox.com

Relaterte saker

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.

Eldre kvinnelig håndverker
Hevet aldersgrense gir nye muligheter for eldre arbeidstakere

Heving av øvre aldersgrense fra 70 til 72 år har skapt få problemer for arbeidsgiver, viser forskning fra OsloMet.

Fornøyd kvinne på arbeidsplass i samtale to kolleger.
Stadig flere nordmenn har trygg og stabil inntekt

Ny studie fra OsloMet viser at arbeidsmarkedet kanskje ikke er så brutalt likevel.

Tre eldre kvinner spiller bingo på et eldresenter
En av tre eldre deltar aktivt i frivillighet

Politikerne ønsker flere eldre frivillige, men dagens eldre vil delta på egne premisser.