Driv du med jobbpynting?

Kvinne sit foran ein PC.

Kort oppsummert

  • Jobbpynting er når tilsette bevisst eller ubevisst formar jobben sin for å gjere han meir givande og viktig, til dømes ved å ta på seg nye oppgåver og ansvar. 
  • Jobbpynting er greitt så lenge det ligg innanfor rammene leiinga aksepterer.
  • Jobbpynting kan gjere arbeidet meir spennande, men må ikkje gå ut over kjerneoppgåvene; leiarar bør setje grenser for å hindre «småkongar/smådronningar» og unødvendig byråkrati.
  • Fenomenet finst i alle fasar av karrieren, også for eldre arbeidstakarar, og krev klokskap frå leiarar. Terjesen peikar på dette i ei kunnskapsoppsummering om aldersbevisst leiing.

Oppsummeringen er laget ved hjelp av Sikt KI og kvalitetssikret av OsloMet. 

Som arbeidstakar har ein ofte ei klar og tydeleg stillingsbeskriving, som seier noko om ansvarsområde og oppgåver som skal utførast. Likevel, etter nokre år i same jobb, ønsker mange arbeidstakarar seg nye eller annleis oppgåver.

Det er her jobbpynting kjem inn.

– Jobbpynting er ein prosess som begynner når ein ønsker å gjere jobben sin litt meir givande og viktigare , seier Hans Christoffer Aargaard Terjesen.

Terjesen er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI. Han forklarer at jobbpynting handlar om at tilsette bevisst eller ubevisst set i gang prosessar for å endre eller ta på seg andre arbeidsoppgåver og ansvar.

– Høyr med Bjørnar

Terjesen bruker eit eksempel frå eit besøk i ein trevarehandel.

– Tenk at du har eit prosjekt i hagen der du skal legge ny platting. Du manglar ein del utstyr og køyrer til din nærmaste byggevarehandel.

Når du kjem inn i butikken spør du den første medarbeidaren du ser om hjelp.

– Då kan svaret du får vere: «Snakk med Bjørnar. Han er ekspert på platting her», seier Terjesen.

Som kunde stussar du kanskje over at dei andre ikkje kunne hjelpe deg. Er ikkje platting noko alle som jobbar i ein trelasthandel bør kunne hjelpe med?

– Samtidig veit vi jo heller ikkje om dette faktisk er spesialfeltet hans, eller om det rett og slett har blitt slik i butikken fordi kollegaene hans helst vil sleppe unna platting-prat, fordi dei blir galne av å gi råd om dette til folk med ti tommeltottar, mens Bjørnar lever og andar for det, seier Terjesen. 

Ikkje alltid ein ønsker plattingkongar

Ei slik ordning kan vere fint for Bjørnar og behageleg for kollegaene hans.

– Men om det allereie står tre personar framfor deg i kø hos Bjørnar, og dei andre tilsette tilsynelatande ikkje har så mykje å gjere, kan denne praksisen fort ramme butikken, forklarer Terjesen.  

I så fall burde nok leiaren i byggevarebutikken sørge for at det ikkje berre er Bjørnar som får vere konge over platting i butikken. 

Gjer jobben viktigare – i alle fall på papiret

– Med jobbpynting gjer tilsette jobben sin litt viktigare enn den er. I alle fall på papiret, forklarer Terjesen.

Mange har opplevd kollegaer som gjer seg til ekspertar eller spesialistar på jobben – gjerne innanfor eit område som ikkje var ein del av dei opphavlege oppgåvene. Kollegaer kan også forsterke denne prosessen. 

Greitt så lenge leiinga er med

– Jobbpynting kan berre aksepteres så lenge det er innanfor akseptgrensa til leiinga, seier Terjesen.

Han trur dei fleste arbeidstakarar kjem til å drive med jobbpynting i løpet av karrieren – noko han også fann dokumentert i ein kunnskapsgjennomgang han gjennomførte i fjor - og at det ofte er positivt.

– Det gjer jobben morosamare og meir spennande. Vi kjenner oss kanskje litt høgare og mørkare, men vi må ikkje la det ta heilt over heller, seier han.

Dei fleste leiarar synest det er greitt at tilsette driv med jobbpynting – så lenge det ikkje går ut over kjerneoppgåvene dei er tilsett for å utføre.

Når reagerer leiarar?

– Om leiarar opplever at tilsette blir ekspertar godt utanfor tiltenkte arbeidsoppgåver, kan det bli eit problem. Når jobbpyntinga kjem i vegen for å løyse oppgåvene ein eigentleg skulle – eller at det kjem i vegen for at organisasjonen effektivt får løyst oppgåvene sine som i eksempelet med Bjørnar, vel då har ofte pyntinga gått over styr, seier Terjesen.

Han understrekar likevel at jobbpynting som oftast er positivt, og at leiarar som ikkje nødvendigvis bør reagere viss alle vinn på at det skjer.

Jobbpyntinga kan vere med på å gi ein ekstra dimensjon som gjer det motiverande å vere på jobb – Hans Christoffer Aargaard Terjesen
Mann står foran ein vegg.

Utfordringane oppstår når det utviklar seg «småkongar» eller «smådronningar» på arbeidsplassen – personar som rugar på eit ansvarsområde og ikkje vil sleppe andre til, eller som gjer ting unødvendig byråkratiske og vanskelege.

Dette kan bli hovudbry for leiarar.

– Lederne må då vurdere kor stort «herredømmet» kan bli, og kor mykje som er ok. Generelt er det stort sett greitt.

Vanleg blant eldre arbeidstakarar

Eldre arbeidstakarar som har stått lenge i same stilling kan også ha behov for å forme om jobben sin.

– Jobbpyntinga er ikkje einast noko vi gjer tidleg i karrieren, men er noko som alle gjer i alle fasar av karrieren,noko som fortel oss at dette er fenomen som leiarar bør behandle med klokskap, avrundar Terjesen.

Om rapporten

Referanse

Hans Christoffer Aargaard Terjesen 2025: «Frå kvifor til korleis: Aldersbevisst leiing – kva inneber det?» (nva.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

kyr på fjellbeite
Halvparten av befolkningen vil ha mer penger til landbruk

Nordmenn frykter for norsk mat: Syv av ti er bekymret for framtidig matforsyning.

siderbonde gir smaksprøver i eplehagen
– Landsbygda er underutnyttet som reisemål

Har du fått nok av kjedelig veikromat og slappe pølser? Da er du ikke alene, viser en ny studie.

Kokk Tom Victor Gausdal lager mat på kjøkkenet i Botanisk hage.
Bedre skolemat med lærdom fra Oslo-frokosten

Hvordan kan et måltid fra gamle dager få ungdom til å spise mer grovbrød, grønnsaker og fisk på skolen? Kanskje ved hjelp av en mesterkokk og et forskningsprosjekt!

portrett av glad gris utendørs
Seks av ti er bekymret for dyrevelferden

Stadig flere av oss tenker på dyrevelferd og bærekraft når vi velger hva vi skal ha til middag.

Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 08.04.2026
Sist oppdatert: 08.04.2026
Tekst: Pål Arne Kvalnes
Foto: Maskot og Pål Arne Kvalnes