Norske forbrukarar skil seg ut i matbutikken

par i matbutikk kjøper grønnsaker

Dei fleste av oss er vanedyr i matbutikken. Vi puttar det vi pleier i handlekorga, og er stort sett nøgd med det. Nordmenn er lite opptekne av berekraft og mangfald når vi handlar mat, og legg vekt på eit  mindre spekter av kvalitetar ved maten enn dei gjer i andre land.

Det syner ei ny undersøking frå SIFO, som deltek i eit stort europeisk prosjekt om matkultur og forbruksvanar. Undersøkinga er gjort med 15 000 respondentar frå Noreg og seks andre land. Til saman har desse landa 80 prosent av EUs innbyggjarar.

– Vi er eit lite land, eit unntaksland på mange område, seier forskar Gunnar Vittersø.

Det er nemleg gjennomgåande at Noreg skil seg ut. Vi handlar mellom anna mindre lokal og økologisk mat enn andre europearar.

– Vi er ikkje så berekraftige som vi trur 

– Vi er kanskje ikkje så berekraftige som vi likar å tru, seier Vittersø.

Kva meiner han med det, og kva for rolle speler eigentleg matvanane våre i den store samanhengen?

Noreg skårar lågast på mange praksisar som har med berekraft og økologisk mat å gjere. Saman med Storbritannia et vi til dømes sjeldnare økologisk mat enn i dei andre europeiske landa, og over halvparten av oss kjøper aldri økologisk mat. Vi kjøper heller ikkje lokal eller regional mat like ofte som andre europearar.  

– Bortsett frå å ta vare på matrestane, det er vi flinkare til enn andre europearar. Vi er nøysame folk, seier forskaren.

Vi et ofte kjøt, men ikkje mest

Vi et òg godt med fisk og grønsaker. Over halvparten av oss et fisk to til tre gongar i veka, og det er mest i Europa.

– Vi har òg eit høgt kjøtforbruk i Noreg. Men det er i frekvens og ikkje i mengde. Vi et ofte kjøt, men ikkje mest. Det kan hengje saman med matpakkekulturen vår, der vi brukar kjøt som pålegg, seier Vittersø.

– Nordmenn var dei som i størst grad hausta frå naturen – som også samsvarar godt med vår tradisjon for friluftsliv og det å bruke naturen på fritida, seier han.

Forskaren trur det kalde klimaet vårt kan forklare noko av kvifor vi kjøper mindre lokalt dyrka produkt. Deltakarane i undersøkinga blei spurd i mai månad etter ein lang vintersesong, og då kan det vere vanskeleg å førestille seg eit godt tilbod av lokale sesongvarer.  

Det er mogleg å produsere meir variert enn i dag. Vi har ein landbrukspolitikk som er retta inn mot spesialisering, der bøndene blir anten til dømes kornbønder eller driv med husdyr. Dette er ein ønska politikk. – Gunnar Vittersø
portrett av Gunnar Vittersø, SIFO

Meir grønsaker i sør

Landa ved Middelhavet, som Italia og Spania, ser ut til å ha eit meir variert kosthald med hyppigare bruk av frukt og grønt, samt mindre kjøt, samanlikna med landa i Nord-Europa.

– Dette kan bety at dei har ein meir variert matkultur i Sør-Europa, men også naturen og klimaet gir større variasjon i tilgang på ulike typar matvekstar, seier Vittersø.

Forbrukarar i land som Italia, Spania og Frankrike var i større grad opptekne av at maten skulle vere lokalprodusert og i sesong enn vi er her lenger nord.

– Det kan hende dei hegnar meir om den lokale matkulturen enn vi gjer. Mange er opptekne av å kjøpe lokalt, og opptekne av matkvaliteten. Det kan òg vere skilnader mellom landa på korleis ein rapporterer om matforbruk i denne typen spørjeundersøkingar, understrekar forskaren.

Kva for rolle speler det kva vi et?

Globalt er matvanane i aukande grad retta mot eit vestleg kosthald, som er kjenneteikna av eit stadig høgre inntak av animalske produkt som kjøt, egg og meieriprodukt, og dessutan meir prosessert mat.

Det er nokre få sortar mat som heile verda skal ha, som kveite, ris og mais. Det har ført til usunn einsretting i kva vi et, og ei kommersialisering av matkulturen, meiner forskaren.

– Det har bidratt til fleire typar helseproblem så vel som store utfordringar knytt til klima og biomangfald, forklarar han.

Forskarane er difor opptekne av å forstå korleis eit lokalt kosthald kan sjå ut.

Eit lokalt, norsk kosthald

– Eit større mangfald i matsystemet vil gi eit meir robust og berekraftig matsystem, seier Vittersø.

Mangfald betyr mellom anna meir variert dyrking og produksjon, noko som vil ha stor effekt på biologisk mangfald. Ei større breidd i sortar gir meir stabil produksjon og betre ernæring. Mangfald kan òg bety ein meir variert distribusjon, der mat kan omsettast i andre kanalar enn dei vanlege daglegvarebutikkane.

Men er det ikkje fare for at eit lokalt norsk kosthald, med mindre import av spanande matvarer, blir mindre variert og meir kjedeleg? Ikkje nødvendigvis, meiner forskaren.

– Det er mogleg å produsere meir variert enn i dag. Vi har ein landbrukspolitikk som er retta inn mot spesialisering, der bøndene blir anten til dømes kornbønder eller driv med husdyr. Dette er ein ønska politikk, seier han.

Mogleg å produsere meir variert over heile landet

Han vedgår at det kan vere økonomisk rasjonelt å utnytte stordriftsfordelane ved slik drift, men at vi likevel går glipp av andre verdiar.

– Einsrettinga kan ha gått ut over lokal sjølvforsyning, noko som vi ser på som ein verdi i seg sjølv. Det vil mellom anna gjere oss betre rusta mot kriser, meiner han.

Lokalt mangfald vil òg styrke lokal matkultur og identitet.

– Vi kunne kombinert meir enn vi gjer i dag. Det er fullt mogleg å produsere meir variert over heile landet enn vi gjer i dag, seier han.

Nokre fakta frå rapporten

Om prosjektet

Denne rapporten kartlegg matforbruket i Europa med vekt på økologisk, berekraftig og lokal mat og er basert på ei spørjeundersøking med meir enn 15 000 respondentar i sju europeiske land: Italia, Noreg, Polen, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Spania. Til saman har desse landa 80 prosent av befolkninga i EU.

Målet med rapporten har vore å sjå nærare på likskapar og ulikskapar i etemønster, forbrukaroppfatningar og forbrukspraksisar i ulike delar av Europa og i forhold til ulike grupper av befolkninga.

Denne undersøkinga er ein del av det europeiske prosjektet FOOdIVERSE, som undersøker korleis eit mangfald i kosthald og matdistribusjon kan bidra til meir berekraftige og økologiske matsystem.

Gunnar Vittersø har forska på berekraftig forbruk på SIFO i 26 år. Han er spesielt oppteken av problemstillingar knytt til forbruk og omsetjing av lokal og økologisk mat, og i andre studiar har han vist samanhengar mellom berekraft og lokalmat.

Last ned rapporten

Gunnar Vittersø, Hanne Torjusen og Sabina Kuraj: Diversity in food culture and consumption patterns. Survey results from seven European countries (oda.oslomet.no). SIFO-rapport 6-2022

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

mann som vanner planter i et drivhus
Slik vil europeere styrke økologisk mat

EU vil fjerne bruken av en rekke produkter som i dag er tillatt innenfor økologisk landbruk. Det kan komme hele landbruket til gode.

mathandel på Bondens marked, produsent gir papirposer med grønnsaker til to kunder
Motiverende å støtte lokal matproduksjon

Hvor bærekraftig er lokal handel av mat, gjerne direkte fra produsent? Bærekraften er til stede på litt uventede måter, viser det seg.

Bysetra Losæter i Bjørvika med skyline av høyhus bak
Hvorfor bør Oslo bli mer selvforsynt?

Krig, tørke og klimakrise gjør internasjonal matforsyning stadig mer usikker. Oslo bør tilrettelegge for mer matproduksjon lokalt, mener forskere ved OsloMet.

familie samlet rundt et middagsbord
Eksperimentelle kjøkkenstudier fra hele Europa

Hvordan oppfatter europeiske forbrukere kvaliteten på maten de spiser? Bli med inn i over 40 husholdninger i syv europeiske land.

Publisert: 25.01.2023
Sist oppdatert: 14.02.2023
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Maskot / Scanpix