English version

Digital fritid for alle

Korleis kan fritidsklubbar og digitale møteplassar fungere som inkluderande arenaer for ungdom i ein digital tidsalder?

Forskingsinstituttet NOVA forskar på utviklingsprosjektet Digital fritid for alle, i samarbeid med Ungdom og Fritid.

Forskarane har gjennomført observasjonar i fysiske og  digitale fritidsklubbar og intervjua ungdom og klubbtilsette. I tillegg er det gjennomført spørjeundersøkingar blant brukarar og tilsette ved fritidsklubbar og det digitale kulturhuset NOVA.

Kunnskapen prosjektet får fram, er relevant for utviklinga av inkluderande og trygge digitale møteplassar for ungdom. Den gir innsikt i korleis datakultur – som gaming og digitale fellesskap – kan integrerast i ungdomsarbeid, og korleis fritidsklubbar kan møte den digitale kvardagen og fritida til ungdomane. 

Prosjektet bidrar også til kompetanseutvikling innan digitalt ungdomsarbeid og til å redusere barrierar for deltaking i digitale fritidstilbod.

Er du interessert i meir forsking på temaet? Les om doktorgradsprosjektet til Karolin Moberg: Dataspel – ein inkluderandre ungdomsarena?

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Publikasjoner

Aktuelt frå prosjektet

To gutter som gamer
Gaming på fritidsklubben handler om mye mer enn underholdning og tidsfordriv

Digitalisering kan gjøre fritidsklubber til mer inkluderende møteplasser for ungdom. Men det skaper nye behov og økt ansvar for de ansatte.