I kor stor grad blir muslimar diskriminerte i arbeidslivet, og kva tiltak kan motverka slik diskriminering?
Utgangspunktet for prosjektet er todelt: For det første er det behov for identifisering av omfanget av diskrimineringa, utvikling, innhald og konsekvensar. For det andre er det nødvendig å bruke kunnskap om årsakene til diskrimineringa for å peika ut tiltak som det er rimeleg å rekne med at vil motverke diskrimineringa.
Prosjektet handlar om å identifisera vilkår som må vere til stades for å fremje inkludering, gjennom å forhindre økonomisk og sosial utanforskap. Ein grunnleggjande premiss i prosjektet er at utanforskap både har ein objektiv dimensjon – altså forhold som kan fangast inn og beskrivast i form av posisjon og deltaking, men utanforskap kan også forståast frå ein subjektiv dimensjon, noko som handlar om eigne erfaringar og opplevinga av tilhøyrsel.
Dataa i prosjektet vil vere bruk av vignettar, som blir sende eit representativt utval store bedrifter i Noreg. I tillegg skal me gjennomføre eit litteraturstudium, og dessutan kvalitative intervju med arbeidsgivarar og muslimar.
Prosjektet er eit svar på ei utfordring i Handlingsplan mot diskriminering og hat mot muslimar (2020–2023) (Kulturdepartementet 2020), der diskriminering i arbeidslivet er eitt av fleire tema.
Prosjektdeltakarar på OsloMet
Samarbeidspartnar
Oslo Economics
Publikasjonar
Østerud, K.L. m.fl. (2023). «Jeg er for mangfold, men…». Diskriminering av muslimer på arbeidsmarkedet: erfaringer, perspektiver og tiltak. NOVA-rapport 13/23 (oda.oslomet.no)