English version

Effekten av forsterkning på åtferdsvariabilitet

Effekten forsterkning og ekstinksjon har på åtferdsvariabilitet og effekten forsterkning og straff har på regelstyrt åtferd.

Det er mykje bevis på at åtferdsvariabilitet er meir framståande når eit forsterkningsvilkår betinga på variabilitet er til stades enn når han ikkje er det, men det har vist seg å vera komplisert å identifisera dei underliggjande mekanismane i ein variabilitetskontingens. 

Me stiller oss kritiske til at direkte forsterkning er den mest tilfredsstillande forklaringa, og argumenterer for at det er betre og meir pragmatisk å rekna variabiliteten som oppstår i desse eksperimenta som avleidde frå andre fundamentale prosessar i kontingensen. 

I tillegg studerer me effekten forsterkning og straff har på regelstyrt åtferd, då regelstyrt åtferd gjerne er meir repetitiv enn kontingestyrt åtferd.

  • Deltakarar

    Laster inn ...