Målet i dette prosjektet er å identifisere mikro-RNA (miRNA) som regulerer både immunresponsen og tilpassing til saltvatn, smoltifisering, med transkriptomics-, genomics- og proteomics-metodar.
Mikro-RNA er små RNA-molekyl som regulerer uttrykk av proteinkodande gen i virveldyr (vertebratar). Dei er viktige aktørar i regulering av vertebratars immunrespons og korleis vertebratar tilpassar seg endra miljøvilkår.
Vi har karakterisert alle mikro-RNA-gen i laks (fleire hundre). Sjukdom i samband med oppdrett av laks er eit dyrevelferdsproblem. Det fører også til store økonomiske tap for norsk oppdrettsnæring og kan smitte til villaksen.
Likeins er stress relatert til overgang frå ferskvatn til saltvatn (smoltifisering) eit stort problem. Større kunnskap om immunforsvaret til laksen og korleis han responderer på stress er nødvendig for å forbetre fiskehelsa.
Målet med dette prosjektet er å identifisere miRNA som bidrar i immunresponsen ved sjukdom forårsaka av
- bakteriar – moritella viscosa, vintersår
- parasittar – paramoeba perurans, amøbegjellesjukdom
- virus – for eksempel ILA-virus
Prosjektet vil også identifisere miRNA som regulerer smoltifiseringen. Vi har etablert analysemetodar for både å identifisere desse og for å undersøke genutrykka deira. Vi vil også identifisere gen og gen-nettverk som blir regulerte av miRNA med RNA-proteinpresipitasjonsmetoder utviklar av oss.
Prosjektet genererer ny kunnskap om molekylære mekanismar ved immun- og stressrespons. Resultata vil legge grunnlaget for kunnskapsbaserte endringar i havbruk og gi nyttige biomarkørar som kan nyttast for å forbetre motstandskrafta til fisken.
Prosjektdeltakarar
Samarbeidspartnarar
- Veterinærinstituttet
- Veterinærhøgskolen
- Nofima
- Memorial University, Canada
- Roslin Institute, Edinburgh University, Skottland