English version

Foreldres betydning for ungdoms fritidsaktivitetar

Kva betyr ulikskap i familieressursar eller foreldreengasjement for dei moglegheitene barn har til å delta på fritidsaktivitetar?

Dette prosjektet har som mål å bidra med auka kunnskap om korleis foreldres engasjement og dei sosiale og økonomiske rammene til familien påverkar barns moglegheit til ei aktiv fritid, til å delta på ønskte aktivitetar med vener, og byggje nye venskapsrelasjonar.

Den overordna problemstillinga for prosjektet er: Korleis påverkar ulikskap i familieressursar deltakinga til barn og unge og trivsel på fritidsarenaen? 

Analysen blir basert på intervju med ungdomar og foreldra deira som deltek i den store longitudinelle kvalitative undersøkinga Ungdom i endring.   

Prosjektet er eit samarbeid med Redd Barna og blir finansiert av Stiftelsen Dam. 

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...