English version

HEYoung intervensjonstudie

Prosjektet skal utvikla og testa gjennomførbarheita til ein intervensjon som undersøkjer effekten av ei personsentrert tilnærming for vidaregåande skule-ungdommar med langvarige smerter.

Utviklinga av intervensjonen vil skje i tett samarbeid med helsepersonell, lærarar, foreldre og ungdommar på vidaregåande med langvarige smerter. Prosjektet består av to fasar.

Fase ein er utvikling av intervensjonen, som vil gå føre seg i tre steg.

I steg ein vil vi gjennomføra tre separate workshops med

I desse workshopane skal det via ulike fasar diskuterast utfordringar med dagens tilnærmingar, moglegheiter for forbetringar og visjonar for framtidig handtering og tiltak i møte med ungdommar med langvarige smerter.

I steg to vil funna frå workshopane samanfattast med tidlegare vitskapleg litteratur om smerteintervensjonar hos ungdommar.

I steg tre vil resultata frå fase to bli nytta til å utvikla tema og innhald i ein ny runde med workshops med ungdom, helsepersonell/lærarar og foreldre.

Formålet med workshopane vil vera å spesifisera detaljane i intervensjonen for langvarige smerter hos ungdom.

I fase to vil den personsentrerte intervensjonen for langvarige smerter hos ungdommar testast i ein pilot randomisert kontrollert studie på vidaregåande skular i Noreg.

  • Deltakarar

    Laster inn ...