Eit utviklingsprosjekt på vegne av Norad som skal styrke lærarutdanninga i Nepal.
Målet med prosjektet er å utvikle ein robust undervisnings- og forskingsgruppe på temaet inkluderande utdanning ved Tribhuvan-universitetet i Kathmandu i Nepal. Vi jobbar med å etablere eit samarbeid mellom Tribhuvan og Mid-Western University i Nepal, utvikle eit nasjonalt og regionalt samarbeid om inkluderande utdanning, og å internasjonalisere utdanning og forsking ved dei deltakande institusjonane.
Hovudaktivitetane i prosjektet er:
- utvikling av eit M.Phil./Ph.d.-nivå program
- revisjon av programplanar innanfor Innen Inclusive Education for M.Phil master- og bachelorprogramma ved Tribhuvan og Mid-western University
- tilby stipendprogram for bachelor, master og Ph.d.-studentar
- utveksling for Ph.d.-studentar og tilsette mellom studiestadene OsloMet, Universitetet i Innlandet og Tribhuvan og Mid-western University
- utvikling og gjennomføring av forsking på feltet inkluderande utdanning i samarbeid med stipendiatar og masterstudentar
- halde workshops og konferansar for nasjonale og regionale nettverk
- legge til rette for etterutdanning for lærarar innanfor inkluderande utdanning.