English version

Picturability: Inkluderande undervisning med visuelle tekster

Nettverket skal samle og styrke det nordiske samarbeidet om (barne)litteraturforskning på visuelle tekster.

Omgrepet “picturability” understrekar moglegheitene som ligg i at dei fleste menneske, uavhengig av språk, alder, funksjonsvariasjonar og bakgrunn, kan lese bilde. Dermed kan dei også lettare inkluderast i opplevinga av visuelle forteljingar.

Prosjektet er ei vidareføring og spissing av prosjektet Utfordrande bildebøker i klasserommet.

Det Nordplusfinansierte nettverket har som mål å samle og styrke det nordiske samarbeidet om (barne)litteraturforsking på visuelle tekster. Nettverket samlast til årlege workshop, som går på omgang mellom dei nordiske samarbeidspartnarane i Malmö, Aarhus, Reykjavik, Åbo, Stockholm og Oslo.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...