Prosjektet skal kartlegge og få auka kunnskap om lærarar og leiarars representasjon og deltaking i samarbeid etablert for å styrke kvaliteten i lærarutdanningane. Forskingsprosjektet blir utført på oppdrag frå Utdanningsforbundet.
I ei tid der auka fokus blir retta mot partnarskap og samarbeid mellom UH og skolesektoren, er det interessant at vi har lite kunnskap om kven desse deltakarane er, korleis dei blir valde ut som deltakarar til slike samarbeid, og kva mandat som er knytt til rollene.
Prosjektet består av to fasar:
- Kartlegging av samarbeid og fenomenet representasjon ved lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg.
- Casestudiar av utvalde samarbeid. Her skal vi blant anna undersøke kva lærarar og leiarar bidrar med i slike samarbeid, korleis dei er rekrutterte til desse samarbeida, og dessutan personleg motivasjon og utbytte av å delta i samarbeid med lærarutdanningane.
Sluttrapporten blir publisert i februar 2026.
Forskningsartiklar basert på funn i prosjektet vil bli publisert i løpet av 2026-2027.