English version

Sikkerheitsvurdering med forankra ekspertresonnering (SAFER)

Prosjektet styrker beredskap i helsekriser ved å kartlegge ekspertresonnering i tidleg farmakovigilans og definere krav til forklarbar, menneskesentrert KI-avgjerdsstøtte.

Prosjektet undersøker korleis ekspertar vurderer årsakssamanhengar ved avgrensa evidens i beredskapssituasjonar (pandemi, massevaksinasjon, legemiddelmangel).

Basert på 10 fokusgrupper med 50 erfarne sikkerhetsvurderere analyserer vi transkripsjonar kvalitativt (systematisk tekstkondensering) for å utvikle eit kognitivt kart over avgjerdsprosessar (konfoundere, temporalitet, tersklar for handling).

Kartet blir validert i ein andre runde fokusgrupper/miniDelphi, og – i samarbeid med STS-kompetanse – blir omsette til ein kravspesifikasjon for forklarbar, menneskesentrert KI som kan integrerast i eksisterande arbeidsflyt/SOP.

Vi utviklar også lågterskel sjekklister for praksis og etablerer eit konsortium for vidare design og utprøving.

Dette prosjektet bygger på prosjektet Kausalitet, kompleksitet og evidens i pharmacovigilance og er ein del av forskingssatsinga Framtidas helse- og omsorgstjenester .

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...