Ph.d.-prosjektet undersøker korleis tolkar handterer attgiving av banning, skjellsord og fornærmingar i yrkesutøvinga si.
Invektiv er eit samleomgrep for banning, skjellsord og fornærmingar. Kva betyr eigentleg slike kjensleladde kulturspesifikke metaforar? Og går det an å omsette kjensler nøyaktig?
Prosjektet undersøker korleis tolkar handterer banning, skjellsord og fornærmingar i institusjonelle samtaler. Forsking viser at nettopp slike uttrykk set profesjonaliteten til tolken, språk- og kulturkunnskap på prøve.
Invektiv er eit utbreidd sosiolingvistisk fenomen i både norsk og russisk språkkultur. Sjølv om uttrykka kan arte seg ulikt, fyller dei ofte like funksjonar på det pragmatiske nivået i begge språka. Målet med prosjektet er å utvikle kunnskap om strategiar for tolking av invektiv.
Prosjektet skal også samanlikne slike uttrykk på norsk og russisk, og bidra til å løfte diskusjonen om meining og forståing frå kvar enkelt samtale opp til eit meir overordna, filosofisk nivå.
Tredelt metodisk tilnærming
I den første delen av prosjektet skal eg gjennomføre ein fenomenologisk analyse og ein kontrastiv lingvistisk analyse av norske og russiske invektiv.
I den andre delen granskar eg empiriske data i form av lydopptak av politiavhøyr der det har blitt nytta tolk. Her bruker eg det fenomenologiske perspektivet på språk og (mellom)menneskeleg forståing for å nøste opp i kompleksiteten i forhandlingar av meining som oppstår under tolkemedierte avhøyr.
I del tre gjennomfører eg fokusgruppeintervju med erfarne tolkar. Med denne metoden får eg ei metodetriangulering og kan belyse temaet frå ulike vinklar.
Informasjon til dei som deltar i prosjektet på norsk og russisk.
Aleksandra Thy sine publikasjonar (nva.sikt.no)