Ph.d.-prosjekt som utforskar korleis vidaregåande skole kan legge til rette for utvikling av språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga.
Tidlegare forsking har peika på at utilstrekkelege norskspråklege ferdigheiter er eitt av fleire hindre for sysselsetting av innvandrargrupper. Formell kompetanse, for eksempel i form av fagbrev, har vist seg å gi meir varig tilknyting til arbeidslivet og betre integrering.
Dette doktorgradsprosjektet søker svar på korleis vidaregåande skolar kan bidra til at vaksne minoritetsspråklege deltakarar utviklar tilstrekkeleg språk- og fagkompetanse, slik at dei fullfører og består helsefagarbeidarutdanninga, får eit fagbrev og betrar moglegheitene sine i yrkeslivet og i samfunnet.
Overordna problemstilling: Korleis kan vidaregåande skole legge til rette for utvikling av tilstrekkeleg språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga, og korleis blir opplevd og vurdert utdanningsløpet av lærarar og deltakarar?
Metode
Prosjektet har ei aksjonsforskingstilnærming og bruker ulike kvalitative metodar. Tiltak retta mot utvikling av språk- og fagkompetanse er systematisk prøvde ut. Nokre av utprøvingane har vore knytt til prosjektet Lærerutdanningsskoler i yrkesfaglærarutdanninga (LUSY).
Stipendiaten skriv ei artikkelbasert avhandling med tre artiklerartikler:
- Artikkel 1: Utvikling av språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga: Erfaringar frå aksjonsforsking i vidaregåande skole.
- Artikkel 2: Ein “innfødd” med mange hattar: Kritisk kunnskapsdanning frå innsida i eit aksjonsforskningsprosjekt i vaksenopplæringa.
- Artikkel 3: «Vi føler at vi lurer dei». Vaksenopplæring i helsearbeidarfaget.
Tove Andersen sine publikasjonar (nva.sikt.no)
Rettleiarar
Gunn Vedøy, professor, Høgskulen på Vestlandet