Forsking ved KAI

Ei rekke prosjekt er knyt til Kompetansesenter for arbeidsinkludering, både direkte og indirekte. Her finn du ei oversikt over alle prosjekt under KAI-paraplyen.

Forsking er ein viktig del av KAIs arbeid og mandat. Forskinga innanfor KAI dekker eit breitt felt, og fagpersonar som studerer eller underviser i tiltak og mekanismar for inkludering og ekskludering av arbeidslivet på makro-, meso- eller individnivå er relevante for KAI.

Eit viktig formål er å utvikla inkluderingskompetansen i norsk arbeidsliv. Kva er det verksemder og støtteapparatet treng av kunnskap for å auka arbeidsinkluderinga, kva er relevant kunnskap og korleis kan ho takast i bruk.