Samarbeidet mellom OsloMet og kommunane skal bidra til at forskinga og utdanningane ved universitetet er relevant og nyttig for storbyregionen. Begge partar forpliktar seg til å setje i gang konkrete faglege samarbeidsprosjekt.
Samarbeidet kan handle om alt frå rekruttering, etter- og vidareutdanning, etablering av universitetsverksemder, forsking, studentpraksis, og pilotering og innovasjon innanfor kommunale tjenester.
Fire av kommunane har status som universitetskommunar; Asker, Nordre Follo, Lillestrøm og Oslo.
Slik kan din kommune samarbeide med OsloMet.
Akershus fylkeskommune og OsloMet samarbeider særleg om opplæring, blant anna for å få fleire til å velje profesjonsutdanningar.
Asker kommune samarbeider med OsloMet om auka og målretta bruk av forskingsbasert kunnskap i tenesteutvikling og innovasjonsarbeid.
Eidsvoll kommune og OsloMet har ein intensjonsavtale om samarbeid innanfor utvalte område.
Gjerdrum kommune og OsloMet samarbeider om å etablere eit læringssenter for leirskred og førebygging.
Samarbeidet mellom Hurdal og OsloMet er særleg retta mot inkludering i arbeidslivet og å møte framtidas behov for personell i helse- og omsorgssektoren.
Lillestrøm er universitetskommune og samarbeider strategisk med OsloMet om utdanning, kunnskapsutvikling og innovasjon.
Kommunen deltek i samarbeidsprosjekt om rekruttering, praksis og lokaldemokrati.
OsloMet og Nes kommune samarbeider mellom anna om prosjekt knytt til ernæring og folkehelse.
Universitetet og kommunen har inngått ei intensjonsavtale om samarbeid.
OsloMet og Nittedal skal samarbeide om å løyse framtidas kompetanseutfordringar.
Nordre Follo kommune er næraste nabo til Oslo og har ein intensjonsavtale med OsloMet.
OsloMet og Oslo kommune har utviklet samarbeidsmodellen Unikom. Sammen skal vi skape relevant utdanning og forskning for storbyregionen.
OsloMet og Nes kommune har signert ein intensjonsavtale om samarbeid innanfor utvalte område.
Ullensaker kommune og OsloMet samarbeider særleg innanfor sektorane helse og oppvekst.