Praksisutveksling
– Det at det var praksisutveksling og ikkje vanleg utveksling motiverte meg meir, fordi eg ønskte å ha mest mogleg fokus på det praktiske og få oppleve kulturen og landet, fortel Jenny. Ho tok ikkje studiepoeng på utveksling, men fekk praksiserfaringar frå eit anna land.
Sør-Afrika
Det som motiverte Jenny til å dra på praksisutveksling var tanken på at når ho går eit femårig studie, har ho sjansen til å reise til og oppleve eit anna land, og i Sør-Afrika fekk ho oppleve ein annan skolekultur i praksis. Ho hadde høyrd mykje om skolene der og syntest det verka som eit veldig interessant land.
– Det beste med praksisutvekslinga til Sør-Afrika var fridomen til å utforske og bli kjend med landet.
– Eg likte Cape Town veldig godt og blei positivt overraska.

På vei ned mot havet.
Fagleg og personleg utvikling
Gjennom praksisutvekslinga får ein utfordra seg både fagleg og personleg. Jenny beskriv at noko av det mest utfordrande var å tilpasse seg andre måtar å tenkje om lærarrollen i relasjon til elevane.
– Noko av det eg la merke til var at relasjonsbygginga med elevane på praksisplassen i Sør-Afrika var forskjellig frå praksisen eg har hatt i Noreg. Der var læraren meir autoritær og elevane hadde stor respekt og takksemd mot læraren. I praksisen eg har hatt i Noreg er det meir arbeid med relasjonar til elevane og læraren skal ikkje ha ei stor autoritær rolle, seier ho.
Forskjellige måtar å vere i relasjon til elevane på kom også til uttrykk på andre måta, som at lærarane ikkje passa på elevane i friminutta, men sjølv tok pause og oppsøkte dei andre lærarane. Det var også lite fysisk nærvær i form av klemmar og sitting på fang.
Gjennom utvekslinga har Jenny fått ei djupare forståing av forskjellige skolesystem og utdanning, og korleis ein kan vere meir løysingsorientert og fleksibel når ein må arbeide med avgrensa ressursar i skulen.
– Fordelane eg tenker at praksisutveksling har gitt meg, er nye erfaringar og kunnskap om ulike undervisningsmetodar og å utfordre meg sjølv. Eg har gått utanfor eigen komfortsone og berre prøvd meg fram, seier Jenny.
Eit av dei beste vala eg har tatt
Jenny er krystall klar på ein ting:
– Eg angrar ikkje i det heile tatt på å ta eit semester med praksisutveksling i det globale sør. Eg vil skildre praksisutvekslinga som eit av dei beste vala eg har tatt i lærerutdanninga. Eg har storkosa meg, opplevd mykje nytt, møtt ein heilt annan kultur, og blitt kjend med landet og kulturen. Og eg har blitt kjend så mange nye menneskjer, fortel Jenny.

Gjertrud, Hannah, Malin, Sandra, Remine, Heidi og Jenny på stranda i Muizenberg. Foto: Elias Undal