Utveksling i Ghana - sjølvtilliten fekk ein boost

Student poserer foran nokre busker

Amalie Olsen og Yvonne Kirsty Morales Solvang er tredjeårsstudentar på barnehagelærarutdanning heiltid. Sjette semester var dei på utveksling i Winneba, Ghana, ved kysten i Vest-Afrika. Praksisen var i to ulike barnehagar, ein offentleg og ein privat. 

Kulturelle forskjellar

– Ghana er eit kulturrikt land, med mykje forskjellige opplevingar innanfor mat, religiøse feiringar, festivalar, bussturar, strender og natur. Befolkninga i Ghana var opne, hyggelege, sosiale og alltid villige til å lære oss om noko om ghanesisk kultur. Som studentar var det lett å bli kjent med nye folk, seier Olsen.

Eg blei meir motivert, og sjølvtilliten fekk ein boost» – Amalie Olsen

– Vi har også møtt på kultursjokk når det kjem til befolkinga sin tankegang og veremåte, men dette har aldri stoppa oss i å prøve ut nye ting, fortel Solvang.

Sjå filmen Solvang har laga frå oppholdet i Ghana (youtube.com).

– Det er store forskjellar mellom ghanesiske og norske barnehagar. I Ghana er undervisingsmetodane ganske annleis enn i Norge. Det er fokus på læring, og barna skal kunne skrive, lese og telle før skulestart. Ein barnehagelærar har ansvar for førti barn eller fleire. Barna er veldig nysgjerrige på deg og vi blei kjent med dei ganske fort, seier Solvang.

Olsen fortel at det til tider kunne vere utfordrande med kommunikasjonen. Mange barn rundt seg, kombinert med varmen og dårleg luft, kunne få hovudet til å koke. 

Ghanesarar på stranda.

Ghanesarar på stranda. Foto: Ella Markkola

Fleire perspektiv

– Gjennom praksisen i barnehagane blei det enklare å forstå kor lite eg visste om kulturforskjellane. Praksiserfaringa gav meg fleire perspektiv. Vi hadde gode faglege samtalar og gjorde hyggelege ting på fritida. Praksisoppholdet var til stor nytte, sidan eg skreiv om musikk i bacheloroppgåva. Fleire kollegaar klarte å bruke musikken naturleg i store delar av barnehagen sin kvardag, fortel Olsen.

I tillegg til dei faglege og personlege fordelane får ein oppleve mykje gøy – Yvonne Kirsty Morales Solvang
Yvonne foran ei busk på campus Pilestredet

Barnehagelærarstudent Yvonne Kirsty Morales Solvang på campus. Foto: Solfrid Hartberg

– Å vere student i eit land som har ein heilt anna kultur enn Norge har lært meg å vere meor open og fleksibel i møte med nye menneske og situasjonar, seier Solvang.

Studenthistorier

Hendene til en murer holder et vater over en mursteinsblokk. I bakgrunnen ser vi beina til en student.
Arbeidsplassen som læringsarena

– I dette studiet lærer studentene å tilrettelegge for andres læring, forteller universitetslektor Anders Grydeland.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Serine med kamera og hodetelefoner smiler og ser i kameraet.
På utveksling i København – for å utvide nettverket

Serine Torp Drejer er halvt dansk og har alltid hatt lyst til å bo i København. I august 2022 gjorde hun alvor av drømmen.