– Erfaringane frå dette studiet er verdifulle nesten uansett kva du skal etterpå

Tage sitter foran en skulptur ute på campus Pilestredet. Ved siden av står et gult bord.

Han hadde lenge vore glad i å teikne og hatt interesse for kunst. Men Tage Sortland (22) følte seg slett ikkje som nokon kunstekspert då han begynte på bachelor i kunst og formidling ved Oslo Met.

– Eg var litt stressa og lurte på om eg hadde nok erfaring. Men studiet møtte oss der vi var. Det vart stilt krav, men vi fekk jobbe ut ifrå eigne interesser og erfaringsnivå, seier han.

Snart tre år seinare anbefaler han studiet til alle som er glade i kunst og menneske.

– Her får du både ei praktisk og teoretisk erfaring med kunst, og du får trening i å formidle til andre. Erfaringane herifrå er verdifulle nesten uansett kva du skal gjere vidare.

To praksisperiodar ga allsidig museumserfaring

Noko av det som ga Tage aller mest, var praksisperiodane: først tre veker fellespraksis saman med andre studentar i tredje semester, der han jobba med kunstformidling til barneskuleelevar på Historisk museum.

I femte semester hadde han ti vekers individuell praksis same stad. Då heldt han omvisingar og var med på arrangement, konsertar, møte og dagleg drift.

– Det var kjempespennande! Eg fekk verkeleg sett det eg hadde lært, på prøve. Vekene flaug forbi, seier han.

Etterpå har han halde fram på museet som deltidstilsett. Fleire av medstudentane har gjort det same på sine praksisstader, ifølgje Tage.

– OsloMet har verkeleg god kontakt med store og små institusjonar i heile Oslo. Det gjev mange moglegheiter, og det gjer også at det kjennest trygt å vere utplassert.

Portrett av Tages om ser på en tegning på veggen.

Foto: Mattias Müller

Har blitt interessert i utstillingsarbeid

Amanda-Sofie H. Schlewitz (24) hadde sin individuelle praksisperiode ved galleriet KB Contemporary, som blir drive av gallerist Knut Blomstrøm.

– Her fekk eg innsikt i mange sider av galleriarbeid, alt frå praktisk arbeid og planlegging før ei utstilling, til sjølve opninga med servering og talar, fortel ho.

I dag jobbar ho som galleriassistent same stad. Ho held galleriet ope og tar imot gjester, bidrar ved arrangement og hjelper til ved opp- og nedrigging av utstillingar.

– Praksisperioden ga meg stor interesse for det å jobbe med utstillingar. Spesielt kuratering, altså det å setje opp ei utstilling, synest eg er spennande. Det har også vore interessant å få innblikk i samarbeidet mellom kunstnarar og galleri, og i alt som skjer på vegen mot ei ferdig utstilling.

Praksisperioden ga meg stor interesse for det å jobbe med utstillingar. – Amanda-Sofie H. Schlewitz
Portrett av Amalie-Sofie

Studiet kombinerer praksis og teori

Gjennom ein bachelor i kunst og formidling får du lære om dei ulike uttrykksformene i samtidskunst. Kva som skjer når kunsten møter samfunnet og samtidas utfordringar, er også eit viktig tema. Det blir undervist i ulike kunstnariske uttrykksformer og studentane jobbar mykje praktisk, samtidig som dei får undervising i kunstformidling, kunsthistorie, kunstteori og filosofisk estetikk.

Eit av måla er at studentane skal lære å tenke kritisk og sjølvstendig om kunst og estetiske praksisar.

Amanda-Sofie fortel at ho særleg har sett pris på den praktiske delen: det å få utforske og prøve ut ulike teknikkar, og etterkvart finne den som passar henne best.

– Men eg har også opplevd teoridelen som god og relevant. Undervisinga har gjort det enklare å forstå teorien og kople den til det praktiske arbeidet, fortel ho.

Tage synest at blandinga av teori og praksis har vore ein fulltreffar.

– Vi har ikkje berre lært å skape kunst. Vi har også jobba med å forstå kva som ligg bak kunst andre har skapt, og korleis kunsten treff oss. Da blir det lettare å få fram den bodskapen vi ønskjer i vår eigen kunst, også, seier han.

Har skjønt at han vil jobbe med menneske

Studentane har fått mykje øving i å formidle – både eigen og andre sin kunst. Slik formidling kan skje på mange måtar, forklarer Tage.

– Det kan handle om alt frå kuratering til å skrive tekstar, formidle interaktivt eller føre samtalar med eit publikum. Sjølv om ein ikkje alltid har direkte kontakt med publikum, er der likevel eit menneskeleg element.

Ingen av dei er sikre på kva dei vil gjere vidare. Amanda-Sofie trur at ho vil halde fram med å utforske utstillingsarbeid og kuratering. Tage vurderer anten Master i kunst og samfunn eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i design, kunst og handverk, som vil opne for å kunne undervise i grunnskulen.

– Bacheloren i kunst og formidling har fått meg til å innsjå kor mykje eg ønskjer å jobbe med menneske, seier han.

En pult med skisseblokk og tegninger med blekk. Ved siden av står et sett med fargeblyanter.

Foto: Skjalg B. Vold

Studenthistorier

To studenter og noen barn vandrer i rekke gjennom en kunstinstallasjon.
Filosofiske samtaler skaper refleksjon og engasjement

Gjennom prosjektet Formidling gjennom filosofiske samtaler, får bachelorstudentene i kunst og formidling unik praksiserfaring. De lærer å skape rom for refleksjon, nysgjerrighet og meningsutveksling.

Portrett av Lotte.
Lotte fikk KOROs masterstipend

Lotte Smedberg Myhre er student på master i estetiske fag, studieretning kunst i samfunnet. I høst fikk hun KOROs masterstipend.