Som ergoterapeutar vil Åsne og Jasmin hjelpe folk i arbeid

Åsne og Jasmin står saman og smiler

På Ensjø i Oslo ligg M&E Second Hand, tilsynelatande ein enorm bruktbutikk med møblar, pyntegjenstandar, klede og bøker organisert på 2000 kvadratmeter. Men like mykje som det er ein butikk, er det ein arbeidsplass som gir menneske med ulike utfordringar arbeidstrening og moglegheit til vere ein del av eit arbeidsmiljø. 

– Ein ting eg har lært gjennom studiet og ved å vere her i praksis, er at ein ikkje treng å vere frisk for å jobbe. Å jobbe kan derimot bidra til å gjere deg friskare, seier Åsne Eriksdatter Russwurm (27).

Vi får moglegheita til å sjå og hjelpe menneska i akkurat den situasjonen dei skal fungere i. Jobben utførast her og no, utan papirarbeid i etterkant. Det er veldig tilfredsstillande. – Jasmin

Utradisjonell praksisplass

Som tredjeårsstudent på bachelorstudiet i ergoterapi er ho, saman med Jasmin Anna Rayyan (34), midt i ein 11 veker lang praksis i bruktbutikken. Tidlegare i studiet har dei hatt meir tradisjonelle praksisplassar på sjukehus og kommunehelsetenesta. 

I bruktbutikken jobbar dei på lik linje med alle andre, frivillige så vel som menneske på arbeidstiltak gjennom NAV, kriminalomsorgen eller andre samarbeidspartnarar, og bidreg med alt frå rettleiing og trening, til å endre dei fysiske omgivnadene slik at det blir lettare å utføre oppgåvene. 

Åsne smiler og ser inn i kameraet

Gjenbruk - ein god sirkel

Dei to studentane sorterer også innkomne bruktgjenstandar og tek i eit tak der det elles trengs. 

– For meg passar det godt å jobbe side om side med menneske, at det ikkje er noko hierarki, der eg skal ha uniform, og det er eit skille mellom oss og dei, poengterer Åsne, som dessutan likar ekstra godt at jobben bidreg til auka gjenbruk av brukte ting.

– Eg er oppriktig glad for å vere med på ei viktig bølgje, fortset hun. 

Åsne og ein tilsett står ved ei pappeske og jobbar

Gjenbruk, mangfald, arbeidsinkludering – tre ting Åsne er opptatt av – i ein og same jobb! Foto: Oda Hveem

Jasmin meinar M&E representerer ei god sirkel: Dei som leverer inn brukte ting dei ikkje treng lenger, er glad for å sleppe å kaste. Dei som jobbar i butikken bidreg til å få solgt dei, og kan glede seg over det. Dei som kjøper brukt, gjer noko bra for miljøet og sparar kanskje også pengar. Og overskotet, det går til Maritastiftelsen og Erikshjälpen sitt bistandsarbeid nasjonalt og internasjonalt.

– Dette er bra for alle!

– En ergoterapeut må vere kreativ

Åsne innrømmer at det var litt tilfeldig at det blei ergoterapi. Ho hadde begynt på ein bachelor i historie, men oppdaga at det ikkje kjentes riktig. 

Åsne og ein tilsett pratar saman

Som ergoterapeut gjer Åsne Eriksdatter Russwurm (til høgre) det ho likar best; hun jobbar med menneske. Foto: Oda Hveem

– Eg har alltid elska historie, men kom til at eg var litt meir praktisk anlagt. Så måtte eg likevel høyre på mamma, som alltid har rett. Ho har nemleg alltid sagt at eg passar til å jobbe med menneske, fortel 27-åringen.

Ho søkte difor på fleire ulike helsefag, og kom inn på ergoterapi. Det er ho kjempenøgd med i dag og tenkjer det er eit studium som kan passe for mange. 

– Ergoterapi rommar alt frå psykologi til anatomi, og er eit veldig allsidig fag. Utover det bør ein ergoterapeut vere kreativ og litt løysingsorientert, seier Åsne.

Ergoterapeutar bidreg til eit berekraftig samfunn

Ergoterapeutar bidreg til berekraftige helsetenestar ved at fleire kan bu heime og klare seg sjølve. Frå 2020 har ergoterapi blitt ein lovpålagt teneste i kommunane, noko som fører til større etterspurnad etter ergoterapeutar.

Gjennom å fokusere på kva som er viktig for den enkelte å gjere i sitt liv bidreg ergoterapeutar til at menneske kan gjere det dei ønskjer, få oppleve identitet gjennom aktivitetar og inkluderast i eit fellesskap.

Ergoterapeutar bidreg til mindre ulikheit gjennom å tilrettelegge omgivnadane i heimen, offentlege bygg, byrom og uteområde, slik at alle skal kunne bruke desse ut frå den funksjonsevna ein har. 

Jasmin har ein bachelor i idrett og friluftsliv frå før og har på sikt lyst til å kombinere den kompetansen med ergoterapi. 

– Aktivitet er identitet. Eg er oppteken av at alle skal ha aktivitet og noko meiningsfullt å gjere. Dessutan er eg sjølv fleirkulturell og difor ekstra opptatt av mangfald og inkludering, forklarar 34-åringen. 

Jasmin forklarer noe til en ansatt

Jasmin, eller Jassi, som hun blir kalt, er opptatt av at arbeidsinkludering, arbeidstrening og trivsel henger nøye sammen. Hun gjør derfor sitt til å skape et positivt arbeidsmiljø. Foto: Oda Hveem

Det er ikkje sjeldan ho som ergoterapistudent blir spurt om ho er den som bestiller rullestol. Då har ho svaret klart. 

Då svarer eg «ja, og veit du kvifor?». Så forklarar eg at for den som treng rullestolen er den eit viktig hjelpemiddel til å kunne delta i samfunnet, seier Jasmin.   

Åsne understrekar at det er givande å hjelpe folk til eit best mogleg hverdagsliv. Og jobben dei gjer har betyding utover enkeltmennesket. 

– At fleire inkluderast og kan delta i samfunnet er bra alle, for heile samfunnet, ikkje bare for den enkelte, fastslår ho. 

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Josefine har studert på OsloMet i snart ett år, og viser dere sine ti favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!