Ingeniør og helsefag i eitt

Lisa Helen Jordbrudal sit i arbeidslaben og justerer konsentrert på eit protetisk bein.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniørar gjer kliniske vurderingar, tek mål til og lagar individuelt tilpassa ortopediske og tekniske hjelpemiddel som proteser, ortoser og ortopedisk fottøy. Dei deltek også i rehabiliteringsprosessar.

Tekniske fag er grunnlaget for ortopediteknikk. Sentrale emner i faget er anatomi, fysiologi, biomekanikk, sjukdomslære, psykologi, materiallære og ortopediteknikk.

– Det å sjå gleda hos ein pasient og få høyre at eg har gjort noko sitt liv betre, er ein god og spesiell følelse, seier ortopediingeniør Lisa Helen Jordbrudal, som oppdaga studiet ved ein tilfeldigheit.

Ho hadde sett på både ingeniørfag og helsefag. Men då ho oppdaga ortopediingeniørstudiet, var det midt i blinken. 

– Det var akkurat det eg hadde lyst til. Ingeniør og helsefag i eitt. Jeg er kjempenøgd med studiet.

Ho poengterer at du må like å jobbe med menneske, vere interessert i å forstå kroppen og anatomien, og interessere deg for biomekanikk.

– Ingen kvardagar er like. Det er mi oppgåve å finne ut kva slags hjelpemiddel og design som passar pasienten. Som regel jobbar ein teknikar med sjølve produksjonen. Vi finjusterer og sørger for at bioteknikken stemmer overens med pasienten. 

Rett ut i jobb

Lisa byrja i 2013 og vart uteksaminert i 2016. Ho gjekk rett inn i turnus etter studiet og jobbar no som turnuskandidat i Blatchford-Ortopedi i Kristiansand. Ho er opptatt av at det er eit viktig studium.

– Berre tenk på alle spesialtilpassa hjelpemiddel som lagast ved ortopediske bedrifter. Vi hjelper alt frå barn med CP til amputerte, der revmatikarar og diabetikarar står for den største andelen av amputasjonar i Norge.

Det er så mykje som kan gjerast. Det er ubeskriveleg å gi eit barn eit hjelpemiddel og sjå livsgleden når dei kan sparke ein ball for første gang. Eg gløymer aldri den første pasienten eg hadde. – Lisa Helen Jordbrudal

Som ortopediingeniør er det store moglegheiter for å jobbe utanlands.

– Det er ein ettertrakta utdanning, og du blir ikkje arbeidslaus. Du er med på å betre livskvaliteten for så mange. For dei som mangler eit ben kan ei protese utgjere heile forskjellen.

– For ein som manglar ei hand kan kanskje ein krok vere det som forenklar kvardagen, medan andre treng ei biomekanisk hand til å utføre fleire oppgåver.

– Det var ein protesepasient med mange problemstillingar. Å sjå han gå igjen og sjå at det funka etter mange timar med justeringar og innstillingar, det var stort.

– Dette er ein drøymejobb, og eg gler meg kvar dag til å gå på jobb. Dette studiet har betydd alt. Det har skapt kvardagen min, seier Lisa.

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Josefine har studert på OsloMet i snart ett år, og viser dere sine ti favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!

Publisert: 05.09.2018 | Julie C. Knarvik