Ingeniørutdanning med jobbgaranti

Portrett av student Linn Marie Leknes.

Linn Marie Leknes kom tilfeldigvis over ein artikkel i lokalavisa Firda heime i Sunnfjord. Det som tidlegare var Sogn og Fjordane hadde berre to ortopediingeniørar og fortalte om eit behov for fleire.

– Eg såg dermed ein jobbmarknad, der eg kunne ta ingeniørutdanning med garantert jobb. I utgangspunktet var eg inne på tanken om medisinutdanning for å kunne jobbe med helse og menneske.

– Men den lange utdanninga, ugunstige arbeidstider og turnus gjorde at eg byrja å vurdere andre alternativ.

– Då eg oppdaga ortopediingeniørstudiet innsåg eg at dette oppfylte alle mine ynskjer til min framtidige jobb, fortel Linn Marie.

Linn Marie Leknes ved slipemaskina.

Praktisk og variert

– Skulen tilbyr mykje praktisk arbeid. Stort sett alle fag bakar teorien inn i praksisen på ein god måte. Dermed slepp ein lange dagar med forelesingar frå måndag til fredag.

– Det er også mykje utplassering/praksis i bedrifter. Dette gir ein unik moglegheit til å sjå korleis arbeidslivet blir etter avslutta studie. Ein stiftar gode kontaktar og kjennskap til bransjen.

– Faga studiet tilbyr gir også breidde og variasjon. Ein lærer alt frå anatomi, sjukdomslære og biomekanikk, til læra om dei ulike ortopediske hjelpemidla folk rundt oss har behov for og er avhengige av for å fungere i kvardagen, seier ho.

Nært og sosialt klassemiljø

– Klassen vår består av 16 studentar i alle aldrar. Det lille miljøet gir gode og tette vennskap. Etter første skuledag har eg aldri grua meg til å gå på skulen, då alle var opne og imøtekommande.

– Vi samlast i lunsjen, finn på ting saman på fritida og arrangerer sosiale treff på tvers av klassetrinna.

Student ved symaskina.

Perfekt studie for løysingsorienterte

– Mykje av studiet er obligatorisk. I nokre av faga er dette nødvendig, men nokre gongar saknar eg fridomen eg hadde som student tidlegare, då eg kunne legge opp timeplanen min fritt. 

– Eg anbefaler studiet til alle som er genuint interessert i å hjelpe andre. Dei som likar å jobbe med menneske. Dei som likar å vere kreativ og tenke nytt.

– Studiet er perfekt for dei som ikkje ser vanskelege oppgåver som problem, men som utfordringar ein kan finne gode løysingar på, seier Linn Marie.

Studentane tilpassar ortopedisk korsett på verkstaden.

Ikkje la deg skremme av opptakskrava

– Ein burde ikkje la seg skremme av opptakskrava (realfaga) når ein søker. Ein treng ikkje vere noko realfagsekspert for å bli ein god ortopediingeniør. Det er heller ingen krise om ein ikkje har faga på fyrstegangsvitnemålet.

– Eg er av dei studentane som ikkje hadde realfag frå vidaregåande, men som tok desse nokre år seinare då eg innsåg at dette studiet verkeleg var noko for meg. Faget og utdanninga er unik.

– Få har høyrt om utdanninga og jobbmogelegheitene. Dette gir deg garantert eit "small talk" tema, med mange interessante diskusjonar, avsluttar Linn Marie Leknes.

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Josefine har studert på OsloMet i snart ett år, og viser dere sine ti favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!