Masterstudiet i ergoterapi gir deg spesialisert kompetanse

Tre studentar med kvar sin berbar pc på eit rundt bord

Kva inspirerte deg til å ta ei mastergrad i ergoterapi?

- Eg ønskte å utvikle meg vidare som ergoterapeut og bli fagleg sterkare. I framtida vil det vere eit aukande behov for spesialisert kompetanse. Å ta ein master vil opne for fleire jobbmoglegheiter og gi meg kunnskap innan forsking og kunnskapsbasert praksis som vil vere viktig i den kliniske arbeidssituasjonen. 

- Eg ønskte også å ta ein master for å ha høve til å bli ergoterapispesialist i framtida. Dessutan gir masterstudiet moglegheit for å gå vidare med ei doktorgrad, om det er av interesse, seier Selma. 

Korleis er studieopplegget?

- Det første studieåret førebur oss til å skrive sjølve masteroppgåva. Vi har lært om kvalitativ og kvantitativ metode og vitskapsteori og etikk. Desse faga har vi saman med andre profesjonar, og det blir dermed eit tverrfagleg perspektiv. 

- I tillegg til desse faga har vi eit fag berre for ergoterapeutar, der vi lærer om helsefremjande intervensjonar som fremjar aktivitet og deltaking. Vi byrja tidleg å jobbe med temaet for masteroppgåva og det har gjort det lettare å relatere undervisninga til eige prosjekt og komme tidleg i gang med skrivinga. Det er mogleg å knyte seg opp til igangverande prosjekt ved OsloMet, eller du kan utføre eit eige prosjekt, fortel Maren.

Portrett av student Selma.

Er det mogleg å gjennomføre studiet ved sida av jobb?

- Eg studerer på heiltid og har ved sida av studiet jobba som ergoterapeutvikar innan rehabilitering av hjerneslag/skader, nevrologiske sjukdommar og amputasjon. Det har til tider vore utfordrande kombinere, men det har gått fint med god planlegging og motivasjon. Det er også mogleg å berre studere på heiltid og ta fullt lån og stipend frå Lånekassen, seier Maren.

På kva måte har masterstudiet bidrege til å auke kompetansen din?

- Eg har fått meir kompetanse innan forskingsmetodar. Eg har lært korleis ein kan lese og kvalitetssikre ulike typar studiar og korleis ein kan bruke forsking i ein klinisk kvardag. 

- Eg har også fått kompetanse som vil hjelpe meg gjere rette val når det gjeld teori, etikk, val av metode og analyse i eiga masteroppgåve. Masterstudiet bidreg til å auke kompetansen til å jobbe meir strukturert og metodisk, seier Linda.

Det har til tider vore utfordrande kombinere jobb og studier, men det har gått fint med god planlegging og motivasjon. – Maren
Portrett av student Maren.

Ergoterapi i spesialisthelsetenesta

- Eg skal skrive masteroppgåve om ergoterapi i spesialisthelsetenesta. Eg synest dette er eit spennande tema fordi spesialisthelsetenesta er i endring og det krevst i større grad spesialisert kompetanse i takt med det aukande talet på eldre og livsstilssjukdommar. 

- Problemstillinga for oppgåva er ikkje utforma endå, men eg skal undersøkje kjenneteikn ved ergoterapeutar som jobbar i spesialisthelsetenesta ved å gjere ein survey, fortel Maren.

Kvardagsrehabilitering

- Temaet for masteroppgåva mi er kvardagsrehabilitering, der eg skal sjå på kva brukargrupper som har utbytte av å få kvardagsrehabilitering. Dette er samfunnsrelevant då helse og velferdstenestene har vorte betre, noko som har resultert i at vi lever lengre. Sjølv om endringa i levealder er positiv, byr henne på ei rekkje samfunnsøkonomiske og demografiske utfordringar. Kvardagsrehabilitering er eit av tiltaka Noreg har sett i gang for å møte utfordringane, men det trengst meir forsking, seier Selma.

Behandlingsforløp for pasientar med handartrose

- Masteroppgåva eg skal skrive er knytt til eit overordna prosjekt, som er med på å utvikle behandlingsforløp for pasientar med handartrose i spesialisthelsetenesta. Det overordna prosjektet har til hensikt å finne ut om det er like effektivt for handartrosepasientar å gå direkte til ein ergoterapeut som å gå til ein revmatolog. 

- Temaet for oppgåva mi vil vere erfaring og opplevinga med behandlingstilbodet til handartrosepasientar. Eg synest temaet er generelt veldig spennande og viktig for samfunnet å forske på alternative behandlingsforløp hos ulike pasientgrupper for å best mogleg optimalisere kvaliteten av helsesystemet vårt, seier Linda.

Å vere oppdatert på dagens forsking er ein stor fordel i jobbsamanheng. – Linda
Portrett av student Linda.

Er studiet relevant for jobb i framtida?

- Å ha ei mastergrad vil absolutt ha sine fordelar på fleire måtar. Masterstudiet fokuserer mykje på forsking, og er mellom anna med på å auke kompetansen i å strukturere relevant teori og kunnskap. 

- Dette kan vere overførbart i praksis der du til dømes kan ha ei breiare forståing på forskinga rundt feltet du jobbar med. Det at vi er endå meir oppdaterte på dagens forsking er ein stor fordel i jobbsamanheng fordi det er viktig å jobbe ut frå nyare forsking, fastslår Linda. 

Korleis var det å gå rett frå bachelor til master?

- Eg synest overgangen har vore overkommeleg, men det faglege nivået er høgare på masteren og det er mykje større fokus på forsking. Det har verken vore for utfordrande eller for lett. Ein fordel med å komme rett frå bachelor og over til masterstudiet, er at vi framleis er ferske studentar, og har den akademiske skrivinga friskt i minne. Dei andre som har jobba i mellomtida, har med seg ein del erfaring. Dette bidreg til at vi får ein fin balanse i klassen, mellom oss og dei som har jobba ei stund, seier Selma.

Er det noko de tenkjer kan forbetrast i studiet?

- Slik det er per i dag på heiltidsstudiet tek ein 10 studiepoeng før jul og 50 studiepoeng i vårsemesteret. Dette kunne gjerne vore fordelt jamnare utover året, noko alle tre er samde om.

Kven vil de tilrå studiet til? 

- Ved å ta ein master vil du vere med på å møte behovet i samfunnet for spesialisert kompetanse. Vi vil tilrå studiet til alle som ønskjer å fordjupe seg i ergoterapifaget med fokus på forsking, og er motiverte for ein del sjølvstendig skulearbeid, avsluttar Maren, Linda og Selma.

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Du lurer du kanskje på hvordan området rundt universitetet er? Josefine viser deg sine favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!