Ønskjer du å komma vidare i karrieren?

Fire studentar sit og jobbar saman ved eit bord.

Etter- og vidareutdanning kan vera vegen til nye og spennande arbeidsoppgåver på den jobben du har, eller eit springbrett til ein ny karriere.

– Digitalisering og satsinga på meir berekraftige løysingar pregar heile samfunnet. Arbeidslivet endrar seg raskare enn før.

Utdanning og kunnskap er ferskvare og blir fortare utdatert. Me må alle læra heile livet. Etter- og vidareutdanning er derfor viktigare enn nokon gong, seier Bodil Innset, karriererettleiar ved OsloMet.

Cecilie Slettvoll Martinsen og Bodil Innset, begge karriererettleiarar ved OsloMet, har laga nokre råd til deg som er nysgjerrig på å ta etter- og vidareutdanning.

Kvifor ta etter- og vidareutdanning?

På grunn av dei store endringane i arbeidslivet, må noko av kompetansen din oppdaterast. Du må også vera førebudd på å bruka kompetansen som du allereie har, på nye måtar. Det var situasjonen i arbeidslivet før koronakrisa, og dette behovet har berre forsterka seg etter koronautbrotet.

Jobbar du i ein sektor der endringane er store, vil du som arbeidstakar kunne auka moglegheitene dine til å vera med på denne utviklinga og påverka endringane som skjer, og kanskje opnar det seg nokre nye og spennande dører på jobbmarknaden i framtida.

Arbeidstakarar som har teke etter- og vidareutdanning, «opplever betre ferdigheiter og oppgir auka bruk av læringa si i jobb», ifølgje funn frå ekspertutvalet som vart utnemnt av regjeringa for etter- og vidareutdanning i 2019.

Deltakarane kjenner også auka sjølvtillit og meistringskjensle på arbeidsplassen og auka motivasjon for å delta i meir opplæring seinare.

Kva er forskjellen mellom etterutdanning og vidareutdanning?

Kort fortalt gir vidareutdanning deg formell kompetanse i form av studiepoeng og har ei eksamensform. Vidareutdanning kan vera nødvendig dersom ein ønskjer eit karriereskifte.

Etterutdanning er ofte kortare kurs som ikkje gir formell kompetanse, og som har som hovudmål å halda ved like og oppdatera den kompetansen du allereie har.

Både etter- og vidareutdanning gir deg høve til å utvida det profesjonelle nettverket ditt, noko du vil ha glede og nytta av i det vidare arbeidslivet ditt.

Kva studium skal du velja?

Start med å kartleggja dine interesser, og kva du ønskjer å få ut av studiane.

Er målet å bli betre i, eller fylla på kunnskap innan eit fagfelt du ønskjer å jobba med? Då er det viktig å finna ut kva kompetanse du ønskjer å styrkja for å nå målet.

Er målet ditt å byta jobb? Sett av god tid i prosessen og tenk igjennom kva som motiverer deg. Er planane samsvarande med privatlivet ditt og den balansen du ønskjer mellom jobb og privatliv?

Kva er viktig å tenkja på når du skal velja etter- og vidareutdanning?

Sett ord på og konkretiser innhaldet i jobben du ønskjer deg, og sjekk ut jobbmarknaden for den typen stillingar du ønskjer. På denne måten aukar du sjansane dine for å fullføra studia, for å få dei arbeidsoppgåvene du ønskjer deg og for at du vil trivast i jobben.

Når du skal velja ei utdanning, bør du først tenkja godt igjennom kva ønske du har for ein framtidig jobb. Ønskjer du å fylla på og vidareutvikla deg innanfor det noverande yrket ditt, eller ønskjer du deg eit karriereskifte?

Oppdater deg på kva arbeidslivet har behov for. Tenk gjennom dine eigne ønske og behov. Kartlegg kva som er viktig for deg, og kva som motiverer deg.

Bodil Innset og Cecilie Slettvoll Martinsen.

Bodil Innset og Cecilie Slettvoll Martinsen er karriererettleiarar ved avdeling for utdanning, OsloMet. Foto: Mattias Müller

Korleis studera ved sida av full jobb?

Ta omsyn til livssituasjonen din når du vurderer etter- og vidareutdanning. Det vil krevja ekstra tid og energi frå deg som student.

Har du familie og full jobb kan det vera ein god ide å snakka med næraste familien og arbeidsgivaren din. Gjennom å forankra, og leggja ein god plan heime og på arbeidsplassen, vil det forhåpentleg gjera studietida di mindre krevjande og lettare å gjennomføra.

Ha god struktur og sett av tid i kalenderen til studium, jobb og privat.

Kan du få økonomisk støtte?

Ønskjer du å vidareutvikla deg innan eit fagfelt som vil vera positivt for arbeidsgivaren din, vil dette auka sjansane dine for å få økonomisk støtte.

Førebu ein god presentasjon der du klargjer fordelane med å ta ein etter- og vidareutdanning. Kva du kan utretta og bidra med etter fullført etter- og vidareutdanning. Få også fram motivasjonen din for kompetansehevinga.

Mange arbeidsgivarar ser på etter- og vidareutdanning som ei god investering. Dette kan gi deg nokre gode, som til dømes fri til å studera i arbeidstida og hjelp til å finansiera studiane dine.

Vel du ei vidareutdanning som blir støtta av lånekassa, kan du som student søkja om lån og stipend. Hausten 2020 innfører Lånekassen (lanekassen.no) nye reglar for støtte som gir større fleksibilitet for vaksne og vidareutdanning.

Korleis finne informasjon om etter- og vidareutdanning?

Ei rekkje høgare utdanningsinstitusjonar tilbyr eit variert utval av etter- og vidareutdanningar.

Ved OsloMet tilbyr me no ei rekkje nettbaserte studiar.

Her finner du den totale oversikta over etter- og vidareutdanningene ved OsloMet.

Ei samla oversikt over alle etter – og vidareutdanningstilbod i Noreg finn du på nettsidene til utdanning.no

Kontakt

Har du spørsmål, så kan du ta kontakt med oss på e-post.

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Josefine har studert på OsloMet i snart ett år, og viser dere sine ti favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!

Publisert: 17.06.2020 | OsloMet