Forskarar peikar på tre tiltak for å gjere skulen meir praktisk

Ung gut støttar hovudet med armen ved ein pult.

Regjeringa ynskjer no å legge til rette for at skolen skal bli meir praktisk. I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet står det «Seksårsreforma må igjen bli det ho var meint å vere då ho blei innført» (regjeringa.no).

Professorane Cecilie Dalland og Elisabeth Bjørnestad har tidlegare evaluert seksårsreforma. Altså skolereforma som sørgde for at seksåringane blei flytta frå barnehagen til skolebenken.

– Mykje av intensjonen bak seksårsreforma var å legge til rette for meir leik og praktisk læring, særleg for dei yngste, forklarer Dalland.

Ifølgje henne fungerte dette godt dei første åra, men sidan har skulen blitt meir teoritung.

Kort oppsummert

  • Regjeringa vil gjere skulen meir praktisk og revitalisere intensjonen bak seksårsreforma. I 2026 vert tilskotet til utstyr utvida til 191 millionar kroner for å støtte meir leik og praktisk læring.
  • Forskarane Cecilie Dalland og Elisabeth Bjørnestad føreslår slår tre hovudtiltak: auka pedagogtettleik, større handlingsrom og meir bruk av leik i undervisninga, samt større og meir fleksible klasserom med eigne sonar og lett tilgang til materiell.
  • Ambisjonane krev meir enn utstyr. Det trengst auka bemanning, ressursar til fysiske areal og materiell, og tydelege stillingskategoriar for SFO-pedagogar.
  • Dagens rammer hemmer praktisk og leikintegrert undervisning.

Kort oppsummert er delvis laga ved hjelp av Sikt KI. Teksta er kvalitetssikra av OsloMet.

Dei tre tiltaka til forskarane

For å snu denne utviklinga peikar Bjørnestad og Dalland særleg på tre tiltak som kan legge betre til rette for ein meir praktisk skule med rom for leik:

  1. Fleire lærarar/pedagogar per barn. Auk pedagogtettleiken i skulen. Gjerne gjeninnfør barnehagelærarar eller SFO-pedagogar saman med lærarane for dei yngste barna i skulen. 
  2. Gi lærarar større handlingsrom og bruk leik i undervisninga: Det bør leggast betre til rette for leik, både som frileik og som ein integrert del av undervisninga. 
  3. Betre klasserom: Klasseromma har blitt mindre med åra, ofte med få eller ingen sonar for leik, lesing eller samling. Større og meir fleksible klasserom gir fleire moglegheiter.

Krev meir enn berre utstyr

Regjeringa signaliserer også kursendring.

«Seksårsreforma må igjen bli det ho var meint å vere då ho blei innført. Skuledagen skal vere fylt av læring og leik, med varierte aktivitetar og meir rom for å jobbe praktisk og vere meir fysisk aktiv. På den måten bygger vi tryggleik, motivasjon og læringslyst til den viktige lesinga og rekninga».

Dette skriv Kari Nessa Nordthun i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet der dei annonserer at ho i 2026 utvidar tilskotsordninga for innkjøp av utstyr frå 160 til 191 millionar kroner.

Ein kvinne står framfor ein vegg.

Professor Cecilie Dalland meiner mykje av intensjonen bak seksårsreforma frå 1997 var å få inn meir leik og praktisk i skulen. I staden er skulen vorte meir teoritung med åra. Foto: Marit Christiansen

– Vi støttar at seksårsreforma bør gjeninnførast og tilpassast det henne var meint å vere. Men dette kjem ikkje av seg sjølv. Her trengst det store midlar og ressursar, både til fysiske areal, leikar og anna materiell. Det trengst også auka ressursar knytte til tal på lærarar og fagarbeidarar eller assistentar, seier Bjørnestad.

Treng fleire lærarar

Bjørnestad er tydeleg på at bemanninga må styrkast om skulen skal tilbake til det som var intensjonen med seksårsreforma.

– Det må vere ein høgare lærartettleik for første trinn viss Kunnskapsdepartementet skal få til ei revitalisering av seksårsreforma, seier ho.

I tillegg ynskjer Bjørnestad SFO-pedagogar og barnehagelærarar inn i barneskulen.

– No ser vi at fleire av barnehage- og lærarutdanningsinstitusjonane i landet og tilbyr bachelor i skulefritidspedagogikk. 

– Dette er ei gruppe «nye» pedagogar som kan bidra som ein verdifull ressurs, nettopp for å legge til rette saman med læraren for eit leike- og læringsmiljø der dei ulike formene og elevaktivitetane til leiken kjem aldersgruppa i møte og kvart enkelt barns motivasjon og dessutan meistrings- og modningsnivå, forklarer ho.

Barnehagelærarar trengst i barnehagen

Samtidig peikar Bjørnestad på dagens situasjon i barnehagesektoren.

– Barnehagelærarar er ønskte tilbake i skulen både av lærarar og skuleleiarar, men per i dag, når vi ser mangelen på pedagogar i barnehagen og låg søknad på barnehagelærarutdanninga, er det meir samfunnsnyttig å vurdere andre faggrupper. Slik som skulefritidspedagogar og fagarbeidarar med fordjuping i overgangspedagogikk.

Ho viser og til at SFO-pedagogar i dag manglar ein tydeleg stillingskategori i skulen.

– Å berre arbeide på SFO dekker dessverre ikkje ei 100 prosent stilling, og her er det store moglegheiter, seier Bjørnestad.

Klasserommet er for lite

Bjørnestad og Dalland peikar og på at klasseromma no er mindre enn dei var før. 

Vi ser klasserom der barna ikkje kan røre seg fritt. Det er ikkje plass til materiell og leikar som inspirerer til leikinspirert undervisning, og det gjer at undervisninga ikkje blir så praktisk som ein kunne ha ønskt. – Elisabeth Bjørnestad
Kvinne smiler.

Kva klasserommet inneheld, er og avgjerande.

– Materiale er ein viktig ressurs for at både lærar og elevar skal få inspirasjon. Klasseromma må ha lett tilgang til materiell om ein skal kunne spele på barns utforskingstrong, nysgjerrigheit og den spontane leiken og læringa som skjer i den alderen, seier ho.

Kan ikkje lærarane ordne dette?

Når det gjeld handlingsrommet til lærarane, ser Bjørnestad at praksis ikkje alltid samsvarer med intensjonane.

– Handlingsrommet skal i utgangspunktet vere der, men i realiteten har lærarane ofte ikkje så stort handlingsrom, forklarer ho.

Ho peikar blant anna på to grunnar til at handlingsrommet til lærarane er avgrensa:

  1. Ressursnorma
  2. Rapportering

Kva er ressursnorma?

– Det inneber at det maksimalt skal vere 15 elevar per lærar. Dette blir berekna på hovudtrinnivå, ikkje klassenivå. Skuleleiinga fordeler ressursane, og då er det dessverre ikkje alltid at forholdet 1:15 gjeld for førsteklassingane, seier ho.

Dermed kan det bli for få vaksne per elev i fleire førsteklasser, noko som snevrar inn fleksibiliteten i arbeidet med dei yngste.

Lærarar blir låste av rapportering

I tillegg til ressursnorma kan krav til rapportering avgrense handlingsrommet. Lærarane må rapportere kor mange timar som blir nytta til dei ulike faga.

– Dette trur eg låsar mange lærarar, då dei må rapportere kor mange timar dei nyttar per fag. Av den grunn er kanskje mange usikre på korleis leik blir ein del av denne timerekneskapen, seier Bjørnestad.

Dermed kan det opplevast tryggare å gjennomføre dei faglege oppgåvene enn å avsette tid til meir frie aktivitetar og leik.

– I reforma frå 1997 var det avsett timeressursar til leik og elevaktive aktivitetar. Det er noko eg meiner må inn igjen for nettopp å auke handlingsrommet til lærarane, seier ho.

Referansar

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

To ungdomar med startnummer i skiløypa
Har studert unge skigåarar: – Vi fekk ei kjensle av at noko har endra seg

Då sosiologar forska på ungdommar si deltaking i langrennsporten, såg dei ingen som smurde skia sine sjølve.

Foreldre filmer barn som synger i kor
Segregerte barndommer: Når troen styrer hele livet

Lydighet mot Gud, menigheten og foreldrene settes over alt annet i noen lukkede kristne trossamfunn, ifølge ny rapport fra NOVA.

Nærbilde av et ungt par på nattklubb
Mange unge har sex første gang for å «bli ferdig med det»

For mange ungdommer blir «første gang» nærmest likestilt med samleie. Flere forteller at de hadde sex mest for å slippe å være den som «ikke har gjort det» – ikke fordi det føltes riktig der og da.

Publisert: 03.03.2026
Sist oppdatert: 03.03.2026
Tekst: Pål Arne Kvalnes
Foto: Maskot