Har studert unge skigåarar: – Vi fekk ei kjensle av at noko har endra seg

Nærbilde av beina til langrennssløper i sporet

Kort oppsummert

  • Forskarane Åse Strandbu og Kari Stefansen meiner barne- og ungdomslangrenn er i ferd med å bli meir profesjonalisert og ressurskrevjande.
  • Deltaking i konkurranselangrenn krev i aukande grad mykje tid, pengar og kompetanse frå foreldra, noko som gjer terskelen høgare for mange familiar.
  • Forskarane åtvarar om at utviklinga kan utfordre inntrykket av langrenn som ein open og inkluderande barne- og ungdomsidrett.

Kort oppsummert er delvis laga ved hjelp av ChatGPT. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.

Skisporten blir gjerne sett på som typisk norsk: ein arv vi ber med oss frå skiløparar som Gjermund Eggen og Ole Ellefsæter. Desse kom frå enkle kår, og det same gjorde Sondre Norheim, husmannssonen frå Morgedal som på 1800-talet var med å leggje grunnlaget for moderne skisport.

Men då sosiologane Åse Strandbu (Norges idrettshøgskole) og Kari Stefansen (NOVA, OsloMet) var på eit skirenn for unge i Holmenkollen i 2020, vart dei møtte av eit anna bilete: dyre bilar, tekniske skiklede og blanke solbriller. Fleire bar rundt på innretningar med mange par ski.

– Vi fekk ei kjensle av at noko har endra seg, fortel dei.

Dei såg fleire vaksne enn unge, og særleg fedrane var aktive på smørebenkane – smørjing såg ut til å vere ein rein foreldreaktivitet. Fleire bar med seg store koffertar med smurning.

Best sjanse om du har ressurssterke foreldre 

Nokre år seinare har Strandbu og Stefansen publisert ein studie om det sosiologar kallar «sosial lukking» i norsk langrenn. Der skriv dei at sporten kan vere i ferd med bli for dei privilegerte få.

– Vi må skilje mellom folkesporten langrenn, som vi framleis finn på fjellet og i løypene, og det vi ser på skirenn for barn og unge, seier dei.

Det er sportsgreina dei snakkar om: Der har deltakarane tidlegare kunna kome frå kvar som helst i landet, og frå alle kår.

– No krevst det foreldre med pengar, tid og skikompetanse. 

Portrett av Kari Stefansen

Tre typar foreldre 

I studien har dei intervjua 22 familiar – til saman 28 foreldre – frå ulike langrennsklubbar rundt om i Noreg. Foreldra, som har barn frå tolv år og oppover, kunne fortelje om ei profesjonalisering og kommersialisering der dei må investere mykje for at barna skal kunne ta del.

For nokon er dette heilt greitt. For andre er det sterkt problematisk.

– Ei av mødrene sa at ein nesten må ha doktorgrad i smørjing for å henge med, fortel Stefansen.  

Forskarane delte foreldra i tre grupper: dei genuine, som driv utviklinga, dei ambivalente, som ser problem men er med likevel – og til slutt dei uvillige: ei lita gruppe, der mange endar med å slutte.

Kan ha store planar for eigne barn 

– Foreldre i den genuine gruppa kunne snakke om tolvåringen sin som ein potensiell verdsmeister. Tenkjer du at barnet ditt vil gjere det bra, legitimerer det ein enorm foreldreinnsats, seier Stefansen.

Dette betyr køyring til renn, ofte kvar helg og over lange avstandar. Det kan innebere å ta seg fri frå jobb. Foreldre betaler dessutan dyrt for både utstyr, treningsleirar i utlandet og private idrettsskular.

– Det var lite moralsk ubehag å spore. Foreldra opplever at dei berre gjer det som trengs for at barnet skal få det til i ein tøff idrett, seier forskarane.

Dei understrekar at dei genuine foreldra kan vere svært viktige for klubbane på grunn av ein storstilt dugnadsinnsats.  

Var bekymra, men med likevel 

Dei ambivalente foreldra snakka om eigne barn i meir dempa ordelag, sjølv om også dei kunne ha barn som gjorde det bra. Dette var ei stor gruppe, og dei uttrykte ei bekymring for kulturendringane i sporten.

Likevel: Dei gjorde det som trengs for at barna ikkje skulle falle bakpå.

– Ved å investere som om dei godtar det som skjer, er dei med å legitimere det dei genuine foreldra gjer, seier Stefansen.

Om dei derimot hadde skalert ned innsatsen, ville dei ha kjent det som om dei markerte ein avstand til skifellesskapet, samtidig som dei ikkje tok barnets interesse på alvor, ifølgje forskarane.

– Det ville vere eit klart brot med det involverte foreldreskapet, ein foreldrestil som er rådande blant mange i dag, seier Strandbu.

Portrett av Åse Strandbu

Hadde gitt opp å skape endring 

Til slutt var det dei uvillige: Desse ønska seg ein heilt annan idrett, med mindre alvor. Nokon droppa store konkurransar. Andre hadde prøvd å endre kulturen i foreldregruppa, utan å lykkast. Ei mor som sjølv hadde gått langrenn på høgt nivå, sa:

«Jeg har vel trukket meg litt tilbake og roper ikke så mye lenger. Det er ikke så lett å ha vært utøver selv og så skulle fortelle voksne folk hva vi heller burde ha fokus på.»

Ifølgje Strandbu og Stefansen er denne gruppa viktig, sjølv om ho i deira materiale er lita:

– At desse familiane også tar del, er med å oppretthalde ideen om langrenn som ein sunn og bra aktivitet for ungdom.

– Kan undergrave legitimiteten til langrennsidretten 

Når Strandbu og Stefansen snakkar om ei lukking på feltet, viser dei til teoriar frå sosiologen, filosofen og økonomen Max Weber. Han skreiv tidleg på 1900-talet at felt som har vore opne, gradvis kan lukke seg om bestemte grupper.

Ofte skjer dette gjennom prosessar som dei involverte berre delvis er bevisste om.

– Det er lett å gje foreldra skulda for det som skjer, men langrennsidretten er i dag lagt opp på måtar som krev høg investering. Det er for eksempel tillate med sponsoravtalar heilt ned i tidleg ungdomsalder, noko som skaper eit utstyrspress. Ein tillet også eit enormt renn-program, seier Stefansen.

Norsk barne- og ungdomsidrett har lenge vore ein suksess internasjonalt, med enorm deltaking og stor frivillig innsats frå foreldre, påpeikar ho.

– Men blant dei som er aktive i langrennssporten, ser vi no ein spesiell type foreldreinvestering – i retning av profesjonalisering og meir alvor. Dette undergrev noko av legitimiteten til ein idrett som, akkurat som andre idrettar i Noreg, får mykje offentleg støtte nettopp for å vere inkluderande, seier Strandbu. 

Kjelde

Stefansen, Kari & Strandbu, Åse (2025). Social Closure in the Youth Sport Field: The Pull of the Game on Class-Privileged Parents. Sociology (journals.sagepub.com)

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Unge jenter feirer poeng i volleyballkamp
Er det bare en myte at idretten er inkluderende?

– Våre funn tyder på at idrett ikke skaper sosial inkludering blant barn og unge. De som deltar, er de som allerede føler seg trygge og er en del av et sosialt fellesskap, sier Marlene Persson.

Glade jenter på fotballtrening
De unge trener mer enn før: – Det høyeste tallet vi har målt på ti år

Ungdata 2024: Aldri før har det vært flere barn og unge som bruker fritiden sin på å trene eller drive med idrett.

Ung kvinneleg fotballspelar med ryggen til
Ein av ti ungdommar opplever seksuell trakassering i idretten

Seksuelle krenkingar blant ungdom i idretten er vanlegare enn vi trur, og ikkje berre frå vaksne. Ofte er det jamaldrande som står bak.

Mørkhåret jente med turkis overdel trikser med fotball på gresslette
Fotball for alle – eller mest for gutter?

Guttespillere og jentespillere får ulike muligheter i fotballen, viser fersk forskning fra OsloMet. – Dette kan gi konsekvenser langt utover toppidretten, sier Marlene Persson.

Publisert: 13.02.2026
Sist oppdatert: 13.02.2026
Tekst: Silje Pileberg
Foto: colourbox.com, StudioVest og Norges Idrettshøgskole