Dei fleste barn og unge kom seg godt gjennom pandemien – men ulikskapane auka

En mor sittende på gulvet med sin funksjonshemmede sønn. I fanget har de en Ipad.

Kort oppsummert

  • Eit stort forskingsprosjekt har undersøkt dei langsiktige konsekvensane av koronapandemien for barn og unge og for likestilling.
  • Hovudbiletet er at dei fleste barn, unge og familiar kom relativt godt gjennom pandemien.
  • Samstundes blei eksisterande ulikskapar tydelegare, og sårbare grupper blei hardare ramma.
  • Særleg unge i barnevernet og unge med funksjonsnedsetjingar opplevde dårlegare oppfølging, svakare skuletilbod og redusert tilgang til tenester.
  • Forskarane meiner framtidige kriseplanar må ta betre omsyn til sårbare barn, unge og familiar.

Deler av Kort oppsummert er laga ved hjelp av ChatGPT. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.

Nyss blei sluttrapporten frå eit større forskingsprosjekt utført på oppdrag for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) publisert.

Den viser at dei fleste barn, unge og familiar kom seg nokså godt gjennom koronapandemien.

–  Samstundes blei ulikskapane tydelegare, og særleg sårbare grupper fekk svakare oppfølging, dårlegare tenestetilbod og større belastningar, fortel prosjektleiar Elisabeth Ugreninov.

Forskarane har undersøkt kva langsiktige konsekvensar pandemien har hatt for oppvekstvilkåra til barn og unge og for likestilling.

– For fleirtalet av barn, unge og familiar finst det ikkje klare teikn til at pandemien førte til varige negative konsekvensar, seier Ugreninov.

Særleg unge i barnevernet og unge med funksjonsnedsetjingar opplevde dårlegare oppfølging, svakare skuletilbod og redusert tilgang til tenester under pendemien. – Elisabeth Ugreninov

– Mange utviklingstrekk følgde eksisterande trendar eller vende tilbake til nivået før pandemien. Det gjeld mellom anna likestilling i heimen og arbeidslivet, fritidsdeltakinga til dei unge, sosiale relasjonar og generell livskvalitet, legg ho til.

Portett av Elisabeth Ugreninov

Elisabeth Ugreninov har leia prosjektet. Foto: Eivind Røhne / OsloMet

Ramma skeivt

Forskarane peikar samstundes på at pandemien råka skeivt. Unge som fekk barnevernstenester, og unge med funksjonsnedsetjingar, blei særleg hardt ramma av nedstenging, redusert tilgang til tenester og meir digital oppfølging. 

Mange rapporterte om einsemd, lite kontakt med fagpersonar og manglande medverknad i tenestene dei fekk.

Fleire unge i barnevernet som budde heime, flytta ut under pandemien på grunn av eskalerande konfliktar. Både unge i barnevernet og unge med funksjonsnedsetjingar hadde negative erfaringar med heimeskule. Mange streva med å følgje undervisninga, og få fekk tilbod om fysisk skulegang sjølv om digital undervisning ikkje fungerte for dei.

Redusert tilgang til tenester

Tenestene mange sårbare unge er avhengige av – som helse- og omsorgstenester, støttekontakt, avlasting, fritidstilbod og tilrettelagd undervisning – blei redusert. Fleire opplevde at ansvaret blei skove over på dei sjølve og foreldra. Mange skildra også eit byråkrati som var vanskeleg å navigere i, lite fleksibelt og prega av redusert oppfølging.

Unge med stabile og støttande relasjonar heime hadde betre føresetnader for å meistre den nye situasjonen, medan unge utan slik støtte fall lenger bak. Ungdom som budde i institusjon, opplevde særleg strenge avgrensingar i sosial kontakt og besøk.

Portrett av Alida Skiple

– Kriseplanar bør i større grad ta høgde for sårbare grupper, seier NOVA-forskar Alida Skiple. Foto: Eivind Røhne / OsloMet

Ulikskapar i trivsel, helse og skule blei forsterka

Unge med svake relasjonar til foreldre, venar eller skule opplevde den tydelegaste nedgangen i skuletrivsel under pandemien, og denne utviklinga heldt fram i åra etterpå. Talet studentar som rapporterte om psykiske plager, var høgare under pandemien enn etterpå, og studentar med funksjonsnedsetjingar var særleg utsette.

Barn i familiar med låg inntekt, låg utdanning, éin forsørgjar eller innvandrarbakgrunn opplevde fleire utfordringar. Det kom mellom anna til uttrykk i noko svakare skuleprestasjonar, høgare sannsyn for bekymringsmeldingar og lågare bruk av enkelte helsetenester.

Vi må sjå på foreldrestøtte som ein del av kriseberedskapen, og studentar med funksjonsnedsetjingar eller langvarige helseproblem må få betre oppfølging. – Alida Skiple

Ber om betre beredskap

Forskarane tilrår betre beredskap ved framtidige kriser.

– Planar for stengde skular, barnehagar og tenester bør i større grad ta omsyn til sårbare grupper, seier prosjektmedarbeidar Alida Skiple.

Forskarane understreker at barn, unge og familiar må bli høyrde når tiltak blir utforma. Vi må sjå på foreldrestøtte som ein del av kriseberedskapen, og studentar med funksjonsnedsetjingar eller langvarige helseproblem må få betre oppfølging.

– Studien  viser at sjølv om fleirtalet kom relativt godt gjennom pandemien, opplevde særleg unge i sårbare situasjonar betydelege utfordringar knyte til skule, helse, trivsel og tilgang til støtte. Framtidige kriseplanar må ta betre omsyn til sårbare familiar, avsluttar Ugreninov.

Kjelde

Ugreninov, E. & Skiple, A. (2025). Betydningen av koronapandemien for oppvekst og likestilling. Sluttrapport. NOVA Notat 10/25 (nva.sikt.no) 

Om studien

Prosjektet Langtidskonsekvenser av koronapandemien for oppvekst og likestilling er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Prosjektet blei leia av Elisabeth Ugreninov ved NOVA og gjennomført i samarbeid med Institutt for samfunnsforsking (ISF), Folkehelseinstituttet (FHI), Forbruksforskingsinstituttet SIFO og Helseutvalet. Det gjekk føre seg frå hausten 2021 til hausten 2025.

Hovudspørsmålet var kva konsekvensar pandemien har hatt for barn og unge sine oppvekstvilkår og for likestilling i familiar og for enkeltpersonar, inkludert personar med funksjonsnedsetjingar.

Prosjektet resulterte i 13 delleveransar fordelte på to arbeidspakkar: éin om barn og unge sine oppvekstvilkår, og éin om likestilling, arbeidsliv, omsorgsbyrder og livskvalitet.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forsking

En mor mater datteren sin på kjøkkenet.
Mødrene til funksjonshemmede barn jobber redusert, er mer sykmeldt og slutter ofte helt å jobbe

– Det finnes ordninger som skal avlaste mødrene, men mye tyder på at de ikke lykkes, sier NOVA-forsker Kaja Larsen Østerud.

En samtale mellom mor, far og et tenåringsbarn i samtale med en ansatt fra familievernet.
Skal også barn og unge få hjelp på familievernkontoret?

Det er både fordeler og ulemper ved det, ifølge en fersk rapport fra Velferdsforskningsinstituttet NOVA. Samtidig peker forskerne på spesielt én ting som må på plass først.

Ei ung jente med Downs får hjelp av en faren til å kle på seg
Individuell plan skulle hjelpe – men få bruker den

Individuell plan skulle gi brukere med langvarige og koordinerte tjenester bedre oversikt over hjelpen de har krav på, men brukes lite.

Ei ung, sjenert jente held hendene til begge foreldra
Koordinatorar for familiar med funksjonshemma barn: Strevar med for lite tid og utydelege oppgåver

Dette gjer det vanskeleg å støtta familiane godt.

Publisert: 11.03.2026
Sist oppdatert: 12.03.2026
Tekst: Halvard Dyb
Foto: Colourbox