Korleis kan leiarar bidra til at fleire vil stå lenger i arbeid?

Lærar med grått hår sit ved skrivebord i klasserom og rettar stilar.

I ein ny AFI-rapport som Hans Christoffer Aargaard Terjesen har skrive på oppdrag frå Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv, tek han føre seg korleis leiingsteori kan brukast til å forstå og utvikle meir aldersvennleg leiing. Rapporten heiter «Frå kvifor til korleis: Aldersbevisst leiing – kva inneber det?».

– Det finst mykje forsking om eldre arbeidstakarar, men det er få studiar som koplar temaet til leiingsteori, seier forskar Hans Christoffer Aargaard Terjesen ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI. – Det finst heller ikkje etablerte leiingsmodellar som tek utgangspunkt i den eldre arbeidsstyrken.

Det har han prøvd å gjere noko med.

Portrettbilde av smilende mannlig forsker.

AFI-forskar Hans Christoffer Aargaard Terjesen har skrive ein ny rapport om aldersvennleg leiing. Foto: Eivind Røhne / AFI – OsloMet

For å ta oss frå «kvifor» til «korleis», presenterar Terjesen ein ny modell for prototypeleiing som leiarar kan nytte i sitt arbeid for å fremje eit meir aldersvennleg arbeidsliv.

– Eg ville utfordre klassisk leiingsteori, seier Terjesen. – Eg meiner det er eit stort behov for leiingsmodellar som er mindre opptekne av leiarane sjølve og meir opptekne av medarbeidarane, av «vi-prosjektet» på arbeidsplassen og ikkje minst av dei eldre arbeidstakarane sine framtidsprosjekt og korleis ein kan sikre at dei har det kjekt på jobben, slik at dei blir verande.

Han ser òg på kor viktig det er med auka samarbeid mellom forsking og praksis for å bygge framtidas arbeidsliv der folk vel å stå så lenge som mogleg i jobb.

– Eg meiner denne rapporten bør vere interessant for leiarar, HR-ansvarlege, dei som arbeider med arbeids- og velferdsorganisering på politisk nivå, og sjølvsagt alle som har ei forskingsinteresse innanfor leiingsteori og aldersvennleg arbeidsliv, seier AFI-forskaren.

Referanse

Hans Christoffer Aargaard Terjesen (2025) Fra hvorfor til hvordan: Aldersbevisst ledelse – hva innebærer det? (nva.sikt.no) AFI-rapport 2025:07

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

To kvinnelige ingeniører i gul vest ser på en plan
Slik kan ledere lykkes med å få ansatte tilbake i jobb

Hvordan kan ledere bidra til bedre håndtering av sykefravær?

Kvinne arbeider med telefon og laptop
Svikter teknologibransjen de eldre?

En ny rapport avslører at mange eldre arbeidstakere ikke får de samme tilbudene om videreutvikling som sine yngre kollegaer.

To kvinner som står og snakker med hverandre med et kontorlandskap synlig i bakgrunnen
Slik blir du en bevisst leder

– Skaff deg innsikt i hvordan du virkelig virker som leder.

eldre kvinne med datamaskin kikker ut vinduet
En av fire eldre føler seg digitalt diskriminert

Mange eldre føler seg presset til digital deltakelse, men like mange hyller måten internett lar dem delta i samfunnet.

Portrettbilder av Katharina Herlofson og Tale Hellevik.
Heving av aldersgrensen i arbeidslivet er en styrking av tilliten til eldre arbeidstakere

Kronikk: Motstanden mot å gi eldre muligheten til å jobbe lenger er stor. Det er det liten grunn til, skriver forskere.

Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 14.11.2025
Sist oppdatert: 14.11.2025
Tekst: Sarah Salameh
Foto: Colourbox