English version

Lite tyder på «eliteflukt» frå Noreg

en ung mann ser i kamera og smiler mens han holder et modellfly i den ene hånden og en bok i den andre

Kort oppsummert

  • Svært få utvandrar: Under éin prosent av norskfødde med innvandrarforeldre (18–35 år) flyttar frå Noreg kvart år, og andelen har gått ned over tid.
  • Tilhøyrsel spelar ei rolle: Nokre som har flytta oppgir oppleving av utanforskap og ekskludering i Noreg som ein medverkande grunn, og etterkommarar med synleg minoritetsbakgrunn kan oppleve sterkare identitets- og tilhøyrselsutfordringar enn andre.
  • Men ambisjonar er minst like viktig: Personlege ambisjonar og eventyrlyst er ein vel så sterk drivkraft for å flytte, og dette gjeld særleg for høgt utdanna personar – uavhengig av innvandrarbakgrunn.

Kort oppsummert er laga ved hjelp av Claude. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.

I mai i fjor kasta dåverande samfunnsredaktør i Romerikes Blad, Rima Iraki, ein brannfakkel ut i norske avisspalter: No vil innvandrarbarna «heim igjen» til opphavslandet til foreldra, skreiv ho, og la til at dette særleg gjaldt dei med høg utdanning.

«Ein skulle jo tru at dei norskfødde «elite-innvandrarane», som er langt meir integrerte enn sine eigne foreldre, kjente seg heime i Noreg», skreiv ho.

Men det var ikkje nødvendigvis tilfelle, fordi ein del av dei kjenner dei aldri blir heilt «norske», la ho til.

Løysinga fleire snusa på, ifølgje Iraki, var å flytte til opphavslandet til foreldra.

Reaksjonane let ikkje vente på seg, og avisspalter og kommentarfelt fløymde over av sterke meiningar.

Debatten var viktig, men kunnskapsgrunnlaget svakt, meinte Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Dei bad derfor forskarar frå By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet finne ut kor mange etterkommarar av innvandrarar som faktisk forlèt Noreg kvart år.

Det har dei no gjort.

Kor mange flyttar faktisk?

– Utvandring er relativt uvanleg blant etterkommarar av innvandrarar i Noreg. I underkant av éin prosent utvandrar i løpet av eit år, seier forskar Marianne Tønnessen.

Saman med forskar Tone Liodden har ho sett på kor mange norskfødde med innvandrarforeldre som utvandra i perioden 2000–2023.

Hovudfunna, presentert i ny rapport (nva.sikt.no), viser blant anna at:

Betyr resultata at heile debatten berre var ein storm i eit vassglas?

– Nei. Vi har sett på dei som faktisk har flytta frå Noreg – ikkje dei som vurderer å gjere det. Sistnemnde gruppe vil alltid vere større, og det er primært denne gruppa Iraki prata om, seier Liodden, og legg til:

– Dersom mange går og tenker på utflytting som eit alternativ, fordi dei ikkje føler at dei blir aksepterte i Noreg, eller er redde for kva framtida her vil legge fram for personar med minoritetsbakgrunn, er det eit fenomen som er viktig og interessant i seg sjølv.

Portrettbilde av forsker Tone Liodden som ser i kamera og smiler.

Tilhøyrsel og identitet

I tillegg til å studere faktiske flyttemønster, har Liodden intervjua 13 personar mellom 26 og 53 år, som har flytta utanlands.

Fleire av personane kjenner på utanforskapen Iraki skisserte då ho starta debatten for eit år sidan.

– Nokre av dei hadde opplevd ekskludering i Noreg. Å bu i eit anna land kan derfor til dels handle om å kunne å leve ein plass der ein kjenner større aksept, og kor det er mindre risiko for å bli utsett for negative haldningar og handlingar, seier Liodden.

Ho trur avgjerda om å flytte til utlandet i større grad er påverka av faktorar knytte til tilhøyrsel og identitet for etterkommarar av innvandrarar enn for andre nordmenn som flyttar utanlands.

– Det gjeld nok særleg for etterkommarar med synleg minoritetsbakgrunn, seier Liodden.

Ho meiner tilhøyrsel og identitet blir sett meir på spissen for mange etterkommarar.

– Dei kan oppleve større usikkerheit knytt til kven dei er og kor dei høyrer til. Samtidig har dei ofte også tilknyting til andre stader i verda, som kan tilby alternative måtar å sjå seg sjølve på, seier Liodden, og legg til:

– Utflytting kan derfor vere eit meir nærliggande alternativ for dei når dei står overfor identitetsspørsmål eller andre viktige val i livet.

Ho understrekar likevel at dei har intervjua nokre få personar med ulike bakgrunnar.

– Dette er den første studien som beskriv enkelte grunnar til at etterkommarar flyttar. Men han dekker ikkje breidda i motiv blant alle som flyttar frå Noreg, seier Liodden.

Ambisjonar og eventyrlyst

Samtidig understrekar forskarane at det også er andre, sterke motiv for å flytte utanlands. Personlege ambisjonar og eventyrlyst kan vere vel så viktig.

– Ambisjonar og eventyrlyst som forklaringar kom lite fram i debatten våren 2025. Men det er ein nokså universell grunn til at ein del menneske vel å flytte utanlands – kanskje særleg når ein kjem frå ein liten stad i eit lite land, og forstår at verda har meir å by på, seier Liodden.

Ho understrekar at utferdtrongen ikkje er unik for personar med innvandrarbakgrunn.

– I analysane våre ser vi jo at det er ein større del som utvandrar blant personar med høgare utdanning, uavhengig av bakgrunn. Det er folk som gjerne er attraktive på den internasjonale arbeidsmarknaden, og som har høge ambisjonar på eigne vegner, seier Liodden.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

to unge kvinner tøyser foran et speil, smiler, rekker tunge og ler
Du har sikkert hørt om «one-night stands» – men har du hørt om «one night friendships»?

Det kan være et ganske unikt norsk fenomen, tror forskere.

Tre personer i et kontor sitter rundt et bord, hvor én strekker ut hånden for å hilse på en annen.
Slik skal kommunene få flere flyktninger i jobb

Over 40 kommuner samarbeider for å snu utviklingen, og deler løsninger som virker.

To personar sit ved eit kjøkkenbord med dokument og bankkort framfor seg, medan dei diskuterer økonomiske papir.
Inntektskravet skulle få fleire i jobb. Det skjedde ikkje.

Inntektskravet for å få permanent opphald i Noreg får i liten grad fleire innvandrarar i jobb – stikk i strid med intensjonen.

To personer står foran et trehus og holder et norsk flagg. Huset har tre synlige vinduer, og det ligger snø på bakken til venstre i bildet.
Ukrainske flyktninger som bodde privat, kom raskere i gang med livet i Norge

En ny rapport fra OsloMet viser at ukrainske flyktninger som bodde hos privatpersoner før de ble bosatt, ble raskere en del av samfunnet.

Kvinne viser annen kvinne noen grafer på en ipad i et kontorlokale.
Norge investerer milliarder for å fremme likestilling i Afrika – men mye av arbeidet er usynlig

Norske statspenger skal bidra til likestilling i noen av verdens vanskeligste markeder. En ny studie viser at mye faktisk blir gjort, men at det viktigste arbeidet ofte skjer i det skjulte.

Alvorlig forretningsmann diskuterer med kollega om vindkraft ved kontorpulten.
1 av 4 innvandrere i Oslo opplever diskriminering i arbeidslivet

En fersk kartlegging avdekker at mange innvandrere i Oslo opplever diskriminering på jobb, skole, gaten og i helsevesenet. Det krever økt innsats for forebygging av rasisme og mot diskriminering.

Publisert: 08.04.2026
Sist oppdatert: 08.04.2026
Tekst: Tone Celine Sundseth Thorgrimsen
Foto: Canva / Joachim Engelstad