English version

Forskingskompetanse i praksis: Oppfølging og støtte til nyutdanna lærarar (ReLiP-ECT)

Prosjektet undersøker korleis lærarar som er tidlege i karrieren bruker forsking for å gi dei innspel til både undervisning og faglege avgjerder.

Gjennom samarbeid mellom universitet, skolar og utdanningsaktørar i nordiske og baltiske land, skal ReLiP-ECT fremme berekraftig og forskingsbasert praksis, styrke lærarars profesjonelle utvikling og vidareutvikle samarbeid mellom skole og universitet. 

Prosjektet følgjer lærarar i åtte nordiske og baltiske land gjennom klasseromsobservasjonar, intervju, spørjeundersøkingar og utvikling av undervisningspraksis i samarbeid. For å styrke forskingsbasert undervisning etablerer prosjektet også praksisfellesskap der lærarar, skoleleiarar, lærerutdannere og erfarne forskarar. 

ReLiP-ECT skal utvikle ein «digital lab» (Digital Research Hub), policy-notat, vitskapslege publikasjonar og ei handbok med nordisk-baltiske lærarforteljingar med eksempel på forskingsinformert undervisningspraksis.

Deltakarar

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

  • Universitetet i Stavanger
  • Drammen videregående skole
  • Göteborgs universitet, Sverige
  • Malmö universitet, Sverige
  • Københavns Professionshøjskole, Danmark
  • Professionshøjskolen Absalon, Danmark
  • Skolen på Nyelandsvej, Danmark
  • University of Eastern Finland, Finland
  • University of Eastern Finland Teacher Training School, Finland
  • University of Iceland, Island
  • Tallinn universitet, Estland
  • Tallinn Free Waldorf School, Estland
  • University of Latvia, Latvia
  • Riga State Gymnasium No. 3, Latvia
  • Kaunas University of Technology, Litauen
  • Kaunas Jono Basanavičius Gymnasium, Litauen 

Aktuelt om prosjektet

Gruppebilete av deltakarar i eit nordisk-baltisk forskingsprosjekt
Frå lærarutdanning til klasserom: Styrking av forskingskompetansen til lærarar

Eit nordisk-baltisk samarbeid har resultert i ei handbok for lærarar og lærerutdannere. No skal eit oppfølgingsprosjekt undersøke korleis nyutdanna lærarar kan halde oppe forskingskompetansen sin.