English version

Kommunikasjon via tolk som tema i profesjonsutdanningar

Ph.d.-prosjekt om kva sjukepleiarar, politifolk og sosialarbeidarar lærar om å kommunisere på tvers av språk under utdanninga.

Tilsette i offentleg sektor møter jamleg fleirspråklege innbyggjarar og skal yte likeverdige tenester til alle, uansett språk. Alle tenestemottakarar har òg lik rett til å snakke og bli høyrde. Difor er tolk ofte nødvendig. Eg undersøkjer tolking som tema i utdanningane til tre velferdsprofesjonar som er avhengige av å kommunisere for å gjere ein god jobb. Ph.d.-prosjektet er ein utforskande studie der forteljingar og førestellingar om tolkeyrket kjem fram.

Kartlegging av profesjonsutdanningane syner at dei fleste ikkje lærer noko om tolking i løpet av utdanninga. Eg har sett på bachelorutdanningar innan helse-, sosial- og politifag, og analysert pensum, observert undervisning og snakka med studentar, undervisarar og rettleiarar.

Gjennom kritisk analyse av pensummateriale og andre dokument, refleksjonsnotat og transkripsjonar av observert undervisning og intervju har eg utvikla praksisforteljingar om korleis utdanning møter røyndom innan tolking.

Maria Wattne sine publikasjonar (nva.sikt.no).

Rettleiarar

Laster inn ...