English version

Maskinlæring for analyse av fysioterapijournalar

Formålet med prosjektet er å utvikle eit rammeverk for å trekke ut data frå fysioterapijournalar i heilprivat praksis på ein effektiv måte slik at desse dataa kan nyttast i rapportering og forsking.

Det ligg ikkje føre strukturerte data på pasientgrunnlaget i heilprivat fysioterapipraksis, noko som gjer at det manglar grunnlag for å samanlikne pasientar som oppsøker offentleg med pasientar som oppsøker heilprivate fysioterapitenester.

Målet med dette prosjektet er først å bruke maskinlæringsmetodar til å effektivt trekke ut tekst frå pasientjournalar, konvertere teksta til eit forskingsdatasett, og deretter beskrive pasientgruppa og samanlikne pasientar som bruker heilprivate fysioterapitenester med pasientar som bruker offentlege fysioterapitenester.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...