Prosjektet undersøker kva erfaringane til elevane i skole og yrkesfagleg fordjuping (YFF) betyr for vegen vidare etter Vg2?
Overgangen etter Vg2 kan få noko å seie for om elevane fortset i lære, tar vidare utdanning eller avbryt utdanningsløpet. Prosjektet bygger på Yrkesfagdata, ei spørjeundersøking blant Vg2-elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram i fleire fylke. Yrkesfagdata kartlegg blant anna erfaringane til elevane med opplæringa i skole og YFF, motivasjon, meistring og støtte.
Prosjektet har to hovudaktivitetar:
- utarbeide eit artikkelmanuskript for eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift. Gjennom dette arbeidet skal vi vurdere datakvaliteten og prøve ut måleinstrument og analyseopplegg.
- ferdigstille ein søknad til Forskingsrådet. Søknaden skal beskrive ein større studie der spørjeskjemadata kan koplast til registerdata om overgangar, fullføring, fagbrev, vidare utdanning og tilknyting til arbeidslivet.
Målet er at den større studien vil gi kunnskap om arbeidet med å støtte overgangen til elevane til lære, vidare utdanning eller arbeid, til skolar og fylkeskommunar. Søknaden skal utviklast i samarbeid med aktørar i praksisfeltet og innehalde ein plan for korleis kunnskapen kan brukast og formidlast.
Prosjektet er finansiert gjennom OsloMets forskingssatsing Inkludering av fleire barn og unge.