English version

YrkesfagData

Prosjektet kartlegg korleis elevar på Vg2 yrkesfag opplever skole og praksis. Ei spørjeundersøking blir gjennomført ved fleire skolar i Noreg og har som mål å bidra til å styrke yrkesfagopplæringa.

Dette forskingsprosjektet undersøker korleis elevar på Vg2 yrkesfag opplever skolegangen og praksisopplæringa i Noreg. Prosjektet tar utgangspunkt i elevane sine eigne erfaringar og val for å forstå kva som påverkar motivasjon, meistring og læring.

Målet er å samle kunnskap som kan gi eit betre grunnlag for å forstå korleis yrkesfagopplæringa fungerer for elevane. Resultata kan vere nyttige for å vidareutvikle yrkesfaga og støtte elevane i utdanningsløpa deira.

Målgruppe

Prosjektet rettar seg mot skolar, lærarar, arbeidsgivarar og andre som ønsker innsikt i og kunnskap om kvaliteten i yrkesfagopplæringa. Ved å gi innsikt i opplevingane til elevane, kan prosjektet bidra til ei betre forståing av korleis utdanninga kan tilpassast behova og målsettingane deira.

Årleg spørjeundersøking blant elevar

Prosjektet undersøker blant anna kva som motiverer elevane, korleis dei opplever praksis og kva faktorar som påverkar deira meistring og val. Datainnsamlinga skjer gjennom ei årleg spørjeundersøking blant Vg2-elevar, og resultata vil etter kvart bli supplerte med registerdata for ei breiare forståing av utdannings- og karriereutviklinga til elevane.

Prosjektet blir gjennomført av masterstudentar ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning, som mange sjølv er yrkesfaglærarar, i samarbeid med prosjektleiar Marianne Dæhlen.

Databasen som blir bygd opp gjennom prosjektet kan bli gjord tilgjengeleg for andre forskarar og studentar etter søknad, med mål om å støtte vidare forsking på yrkesfag.

Målet er å legge til rette for meir kvantitativ forsking på eit felt der det foreløpig finst få større datasett.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...