Dette ph.d.-prosjektet skal legge til rette for eit berekraftig arbeidsliv for personar med høg risiko for langvarig sjukefråvær som følgje av muskel- og skjelettlidingar i Noreg.
Rundt 13 prosent av personar på sjukefråvær vender ikkje tilbake til arbeid innan tre månader. Å identifisere desse individa med høg risiko tidleg i sjukefråværsperioden er avgjerande for å kunne sette i verk effektive tiltak som kan redusere langvarig sjukefråvær.
Det overordna målet med dette prosjektet er å legge til rette for eit berekraftig arbeidsliv for personar med høg risiko for langvarig sjukefråvær og/eller uføretrygd som følgje av muskel- og skjelettlidingar i Noreg, gjennom implementering av den lovande Stratifiserte Arbeidsrettede Rådgivningsintervensjonen (SVAI), utvikla og evaluert i MI-NAV-studien i perioden 2018–2023.
Ph.d.-prosjektet er ein del av prosjektet MI-NAV-prosjektet.
Prosjektdeltakarar
-
Kan motiverende intervju bidra til raskere retur til arbeid for sykemeldte med muskelskjelettlidelser? (MI-NAV)
Har Motiverende Intervju (MI) effekt på raskere retur-til-arbeid hos sykemeldte med muskelskjelettsmerter?
-
Senter for intelligent muskelskjeletthelse (CIM)
CIM er et tverrfaglig og brukerorientert senter der vi anvender AI og forskningsbasert innovasjon i forskning på muskel- og skjelettlidelser.