Universitetsbarnehagar og -skolar
Universitetsbarnehagar er gjensidige partnarskap mellom Institutt for barnehagelærarutdanning og barnehagar i Osloregionen om kompetanseutvikling og forsking.
Universitetsskolar er gjensidige partnarskap mellom Institutt for grunnskole og faglærarutdanning og skolar i Oslo og Akershus om kompetanseutvikling og forsking. Også Institutt for yrkesfaglærarutdanning har samarbeid med mange partnarskolar.
Samarbeid om forsking, utvikling og innovasjon
Det er viktig for oss å kunne bidra med kunnskap på fagfelt og område som er viktige for befolkninga og samfunnet samla sett.
Vi har fleire prosjekt i samarbeid med partnarar i Noreg og internasjonalt, og vil gjerne samarbeide med fleire.
Forsking, utvikling og innovasjon på LUI
Strategiske samarbeid
Fakultetet har to strategiske samarbeidspartnarar i Norden: Malmö universitet og Københavns profesjonshøjskole. Ei oppleving av at dei tre institusjonane våre, med storby-profilane sine, har mykje til felles, dannar basis for samarbeidet. Det er særleg forskingsgruppa Små barn, store byer som samarbeider tett med desse to partnarane.
Etter- og vidareutdanning
Treng du eller dine tilsette i barnehagar, grunnskolar eller vidaregåande skole påfyll av kunnskap, ferdigheiter og inspirasjon? Vi samarbeider gjerne om å utvikle kompetansen.
Skreddarsydd etter- og vidareutdanning frå fakultetet.
Praksis
Mange av studentane våre er ute i praksis hos arbeidsgivarar. Vi tar gjerne i mot førespurnader om praksisplassar.
Utvekslingsmoglegheiter
Å dra på utveksling til andre land kan gi studentane nye opplevingar, motivasjon og verdifull erfaring som dei kan ta med seg vidare i studiar og jobb i Noreg.
Utvekslingsmoglegheiter for studentar (student.oslomet.no)
Samarbeid gjennom OsloMet sine partnerskap
Fakultetet er også med i mange av OsloMet sine samarbeidsprosjekt med kommunar, fylkeskommunar og andre partnarar.