English version
Fasaden på OsloMet sitt bygg på Kjeller, med illustrasjonar og himmelen som speglar seg i vindauga.

Berekraft ved OsloMet

OsloMet har som mål at utdanningane og forskinga vår skal bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling. Vi har studieprogram, forsking og driftstiltak som kan knyttast til alle 17 berekraftsmål.

Verda står framfor store og komplekse utfordringar, som vi må løyse i fellesskap. I 2015 lanserte FN 17 berekraftsmål (fn.no). På OsloMet er vi opptatt av å gjere vår del av jobben.

Med profesjonsutdanningar, praksisnær forsking, innovasjonsutvikling og program for livslang læring har OsloMet gode føresetnader for å bidra til eit meir berekraftig samfunn regionalt, nasjonalt og globalt.

Alt vi gjer, inkludert drift, formidling og studentmedverking, skal støtte arbeidet for ei meir berekraftig samfunnsutvikling. OsloMet vil i tida framover involvere tilsette og studentrepresentantar i aktivitetar som vil synleggjere og vidareutvikle våre bidrag til berekraftsmåla. 

Under finn du eksempel på korleis OsloMet jobbar med berekraft i forsking, utdanning og drift.

Kontaktperson

Laster inn ...