Fakultetsstyre
Arbeidsmiljøutvalet (AMU)
AMU er eit rådgivande og besluttande organ som behandlar saker som angår arbeidsmiljøet ved OsloMet.
Forskingsetisk utval
Forskingsetisk utval skal bidra til at forskningsetiske spørsmål inngår som ein del av opplæringa på alle nivå ved OsloMet. Utvalet skal gi råd om forskingsetikk knytt til OsloMet sin forsking og fremje forslag til tiltak som skjerpar medviten om forskingsetiske spørsmål blant OsloMet sine tilsette og studentar.
FoU-utvalet
FoU-utvalet skal medverke til å utvikle OsloMet sin FoU (forsking og utvikling) og innovasjonsarbeid. Det skal bidra til at OsloMet har ein heilskapleg FoU- og innovasjonsstrategi og ein samfunnsnyttig portefølje av forskingsmiljø som har høg kvalitet og som reflekterer OsloMet sin faglege profil og eigenart.
Nemnd for studentsaker
Nemnd for studentsaker er OsloMet sitt øvste klageorgan og fattar endelege vedtak i alle studentrelaterte saker som gjeld klager på enkeltvedtak og klager på formelle feil.
Nemnd for studentsaker behandlar også saker som gjeld mistanke om juks / forsøk på juks, politiattestar med merknad, utestenging frå institusjonen, og andre saker som følgjer av lova eller styret sine føresegner.
Les meir om klagebehandling i studentsaker (ansatt.oslomet.no)
Sjå informasjon til studentar om nemnd for studentsaker (student.oslomet.no)
Læringsmiljøutvalet (LMU)
Læringsmiljøutvalet er eit rådgivande organ ved OsloMet som bistår universitetsleiinga om forhold som har med studentanes læringsmiljø å gjere.
Publiseringsutvalet
Publiseringsutvalet skal fatte vedtak i innsendte tvils- og tvistesaker og er oppnemnd av FoU-utvalet.
Skikkavurderingsnemnda
Universitetet skal i samsvar med Lov om universitet og høgskular § 4.10 foreta ein heilskapsvurdering av ein student sine faglege og personlege førutsetnadar for å kunne fungere i yrket. Føremålet er å sikre at barnehagebarn, elevar, pasientar og andre brukarar møter tilsette som er skikka for det yrket dei utøver.
Utdanningsutvalet
Utdanningsutvalet skal bidra til å utvikle OsloMet sine utdanningar. Utvalet skal fatte avgjerder i saker som er delegert frå rektor og gi råd til institusjonsleiinga i strategiutvikling og oppfølging av utdanningsverksemda.
Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA)
Råd for samarbeid med arbeidslivet er et rådgivande organ for rektor som møtast med jamne mellomrom på OsloMet éin gang i året, og gir råd om korleis universitetet kan utvikle ein sterkere samanheng mellom utdanning, forsking og utvikling og arbeidslivet.