– Etter mange år som sjukepleiar, først ni år på Drammen sjukehus, deretter i jobb som sjukepleiar ved Hokksund rehabiliteringssenter, byrja eg å tenkje på moglegheita for fagleg påfyll. Spesielt kjende eg på behovet for å lære meir om feltet eg jobbar i, nemleg rehabilitering.
– Rehabilitering er eit spennande felt, med mange komplekse utfordringar, ingen pasientar eller dagar på jobb er like, og eg ønskt å lære meir om nettopp dette, fortel Hedda.
– Førebels har eg likt studiet veldig godt. Eg søkte i første omgang opptak berre på første emnet, men bestemde meg ganske fort for å søkje vidare på heile masterløpet.
– Eg synest studiet er godt lagd opp. Emneansvarlege og forelesarar er oppdaterte og inspirerande. Eg liker også at det er lagt inn tid til gruppediskusjonar og gruppeoppgåver i alle emna.
Tverrfaglegheit gir god innsikt
– Det at studiet er tverrfagleg ser eg på som positivt. Det gjer diskusjonane spennande, ved at ein får fram fleire synspunkt sett frå ulike ståstad.
– På kullet mitt har vi mange ulike yrkesgrupper, med svært ulike jobbar, som gjer diskusjonar interessante i og med at vi har ulike ståstad.
– Det at vi også jobbar på så ulik stader, frå kommunar; både institusjonar og heimesjukepleie, spesialisthelseteneste og private aktørar gjer at vi får ei god innsikt i utfordringar og moglegheiter på andre stader enn våre eigne arbeidsplassar.
Hedda Firing gjennomfører studiet ved sida av 80 prosent stilling i dag/kveld-turnus som sjukepleiar.
– Det har vore utfordrande innimellom, men absolutt mogleg å gjennomføre, dersom ein klarer å vere litt strukturert. Eg har også vore heldig å få støtte frå arbeidsgivar, slik at eg får permisjon under skulevekene.
Forbetringspunkt
Studiet har gått gjennom ei ekstern evaluering med godt resultat. Likevel var det nokre forbetringspunkt. Hedda utdjupar:
– I det andre studieåret hadde vi emna kvantitativ metode, kvalitativ metode og vitskapsteori og etikk. Vi stussa undervegs på at vitskapsteorien kom sist, fordi vi kjende på behovet for vitskapsteoretisk bakgrunn når vi hadde metodeemna.
– Eg har fått forståinga av at dette skulle endrast noko for dei neste kulla.
Masteroppgåve om fibromyalgi
Hedda er i tredje studieår og godt i gang med masteroppgåva.
– På arbeidsplassen min, eit rehabiliteringssenter i spesialisthelsetenesta, tilbyr vi rehabilitering til pasientar innan fleire diagnosar, mellom anna fibromyalgi. Masteroppgåva mi omhandlar kvinner med fibromyalgi, og erfaringane deira rundt det å vere på rehabiliteringsopphald.
– Det er ein kvalitativ studie der eg skal utføre narrative intervju med ei gruppe kvinner, to til fire månader etter gjennomført rehabiliteringsopphald. Eg fokuserer på erfaringane deira omkring opphaldet og eventuelle betringsprosessar i etterkant.
– Eg skal analysere dataa frå intervjua med narrativ tematisk analyse.
Masterstudiet gjer meg til ein betre sjukepleiar
– Fagleg oppdatering er, slik eg ser det, alltid relevant for praksisfeltet. Ein utvidar horisonten sin med teoretisk kunnskap, og har det med seg i jobben ein utfører. Eg har fått ei auka forståing for, og kunnskap om bakgrunnen, til feltet eg jobbar i.
– Auka kunnskap om feltet aukar kompetansen min. Eg har også fått dei kunnskapane og reiskapar eg treng for å halde meg oppdatert, slik at eg kan utføre best mogleg sjukepleie til rehabiliteringspasientane mine.
– Diskusjonar med medstudentar frå ulike yrkesgrupper har auka forståinga for kvarandres kvardagar og utfordringar, og gjer meg til ein betre sjukepleiar, avsluttar Hedda.