Ville sagt ja til å dra igjen

Maja og to til på fjelltur

Praksisutveksling

Maja studerer til å bli grunnskolelærar med spesialpedagogikk som fordjupingsemne i sjette semester. og Ønsket om å få andre erfaringar enn det ein vil få i ein norsk kontekst, var noko av det som motiverte for praksisutveksling i Nepal.

– Det som motiverte meg til å dra på praksisutveksling var eit ønske om å oppleve noko nytt, ein litt annan studiekvardag og å gjere noko ein ikkje får moglegheit til så mange gonger i livet, fortel Maja.

Nepal

Valet stod mellom India, Sør-Afrika og Nepal. Maja landa til slutt på Nepal, fordi dette var eit land ho viste lite om.

– Eg hadde høyrd frå ein kollega at det er eit veldig gjestmildt land, i tillegg blei naturen trekt fram som å vere heilt fantastisk. Gjestmildskapen og den fantastiske naturen blei det også tid til å få erfaring med, seier ho.

Å møte så mange flotte menneske og få nye vener som studerer det same var noko av det beste med utvekslinga, fortel Maja. Nokon av dei store høgdepunkta i utvekslingsperioden var alle turane rundt i Nepal ho fekk oppleve saman med dei nye venane.

Maja og syv andre jenter tar lunsjpause på tur

lunsjpause på tur frå Nagarkot til Dhulikhel Foto: Katrine Rimstad

Erfaringar for framtida

Noko av det Maja fekk ut av praksisutvekslinga var å få øve sjølvstende og tilpassingsevne som framtidig lærar.

– Det handla om å tilpasse seg ein ny kvardag og legge til side korleis ein er vane med å ha det. I klasserommet må ein ofte ta ting på sparket, og eg kjenner utvekslinga har gjort meg meir rusta som lærar og mykje tryggare i rolla, fortel Maja.

Skolen Maja har hatt praksisutveksling til har om lag 50 elever med nedsett syn. Elevane kjem til denne skolen frå ulike område i Nepal. Ein av erfaringane ho tek med seg herifrå er korleis ein kan følge opp elevane med synshemming utan særleg høyrselsteknisk støtteutstyr.

– Det å få praksiserfaring på ein skole i Nepal har gitt meg opplevingar og erfaringar som kjem til å komme godt med når eg skal ut i arbeidslivet i Noreg.

Ei unik oppleving

For Maja var det ei unik oppleving å utøve lærarrolla i Nepal, samanlikna med praksiserfaringane hennar i Noreg. Ho meiner praksisutvekslinga er noko meir enn å få innsikt i eit anna skolesystem.

– Det har gitt meg veldig gode vennar og minner eg seint vil gløyme. Opphaldet i Nepal har ikkje berre vore ei fagleg utviklingsreise, men også ei personleg reise som har gitt mange inntrykk og nye perspektiv på profesjonsutøvelse, fortel ho.

Studenthistorier

Åtte kvinnelige studenter står i en hage
– Eit av dei beste vala eg har tatt

Jenny Fenghua Arntsen gjennomfører grunnskolelærarutdanninga med spesialpedagogikk som fordjupingsemne i sjette semester. Ho bestemte seg for å ta praksisutveksling i Grassy Park, Western Cape Town i Sør-Afrika.

Student poserer foran nokre busker
Utveksling i Ghana - sjølvtilliten fekk ein boost

Dei store forskjellane mellom ghanesiske og norske barnehagar har gjort Amalie og Yvonne meir opne og fleksible.