Debatt: Nav har gløymt helse i jakta på trygdesvindel

Flere medium intervjuar Nav-direktør Sigrun Vågeng.

I etterkant av Nav-skandalen har fokuset primært vore på juridiske aspekt, og kven som er ansvarlege. Det er sjølvsagt viktig å setja lys på desse spørsmåla, men det seier lite om kvifor skandalen fekk vekse fram.

Både Nav-tilsette, leiande politikarar og fleire trygdeekspertar har gløymt at dårleg helsetilstand er hovudårsaka til at folk i arbeidsfør alder tek imot trygdeytingar. Uføretrygd, sjukepengar og arbeidsavklaringspengar er eksplisitte helserelaterte inntektssikringsordningar.

Men også blant inntektssikringsordningar som ikkje er helserelaterte, er helsa til mottakarane svært dårleg. At arbeidsledige har (mykje) dårlegare helse samanlikna med folk som er i jobb, er eit vel etablert forskingsfunn (academic.ouo.com). Eit unikt norsk spørjeskjemadatamateriale (fagarkivet.oslomet.no) viser dessutan at 60 prosent av langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp skårar over kliniske verdiar for psykiske plager, og halvparten har kroniske smerter.

Det er altså ei opphoping av helseplagar blant alle dei viktigaste inntektssikringsordningane i Noreg.

Nav-systemet er rigga ut frå eit overordna mål – at mottakarane skal bli økonomisk sjølvforsørgjande. Men personar med dårleg helse er lite attraktive i auga til arbeidsgjevarar: eksperiment viser at ‘signal’ på dårleg helse i jobbsøknadar fører til markant lågare respons (journals.sagepub.com).

At arbeidsgjevarar vegrar seg mot å tilsetje nokon med dårleg helse kan skuldast lågare forventa produktivitet, høgt sjukefråvær og bekymring for at helsetilstanden blir forverra. Slik skepsis blant arbeidsgjevarar betyr at moglegheitene på jobbmarknaden som regel er svært avgrensa.

Men det er ikkje alle som deler denne verkelegheitsskildringa. Eit illustrerande eksempel er NOU-en om arbeid- og inntektssikring (NOU 2019: 7) (regjeringen.no). Sysselsettingsutvalet, leia av Prof. Steinar Holden, skriv at « … det er ikke noe skarpt skille mellom de som ikke kan jobbe og de som kan …», og at «Mange helseproblemer er plagsomme enten man jobber eller ikke …».

Ekspertgruppa avfeiar at dårleg helsetilstand er avgjerande. Sysselsettingsutvalet vektlegg heller tydinga av økonomiske insentiv, ved bl.a. å påpeika at «For unge personer med helseproblemer vil AAP kunne framstå som et attraktivt alternativ».

Når eit slikt underliggande tankegods finst blant premissleverandørane for norsk politikk, så er det ikkje vanskeleg å forklara den omfattande mistenkeleggjeringa, overvakinga og sanksjoneringa. Når helseproblema ikkje vert lagt særleg vekt på, opnar det opp for alternative forståingar, slik som feil kompetanse og låg arbeidsmotivasjon. Eller kanskje han/ho berre er ute etter å utnytta ordningane?

Dersom slike perspektiv får dominere er det eit kort sprang frå tynn mistanke til streng domfelling. Skandalen hadde neppe vore eit faktum dersom Nav-apparatet – og dei som legg politiske føringar – hadde stilt seg følgjande spørsmål: Kan det vere gode grunnar til at denne personen har behov for økonomisk støtte? Er det helseproblema som er hovudårsaken til at han/ho slit med å få innpass i arbeidslivet?

Den noverande politiske linja – prega av mindre generøse ytingar og kortare maksimal varigheit – vil berre føre til meir helsebasert utstøyting frå arbeidsmarknaden. I mellomtida vil me neppe sjå mindre mistenkeleggjering av, og feilaktige skuldingar mot, personar som tek imot inntektssikringsordningar.

I jakta på trygdesvindel har Nav enda opp med å ikkje sjå skogen for berre tre. Helseproblema har blitt sett i parentes, til fordel for perspektiv som opnar opp for meir mistanke og straffeforfølging.

Den einaste fordelen med ei slik systemsvikt er at det er mogleg å endre systemet.

Dette innlegget blei først publisert på dagbladet.no.

Kontakt

Laster inn ...
Mann sitter utenfor Nav-kontor og ser mot inngangen.
Arbeidsliv, samfunn og velferd

– Nav-reformen har sviktet de svakeste

– Nav-reformen har ikke klart å hjelpe de mest utsatte gruppene i samfunnet.

Hendene til bilmekanikere som jobber med verktøy på en bilmotor.
Arbeidsliv, samfunn og velferd

Hvordan få unge med psykiske helseproblemer i jobb?

Hva det er som kjennetegner arbeidsgivere som lykkes i å ansette unge med psykiske helseproblemer?

Verktøykasse
Arbeidsliv, samfunn og velferd

Nav-ansatte: Vet for lite om arbeidsmarkedet

Sosialarbeiderne i Nav mener de ikke kan nok om arbeidslivets behov.

Illustrasjonsbilde av en kvinne som snyter seg i tørkepapir.
Helse og sosialt arbeid  |  Arbeidsliv, samfunn og velferd

– Enda flere bør vaksinere seg mot influensa

Både leger og NAV bør anbefale vaksine til de som er i risikogruppene, mener forsker.

Publisert: 02.12.19
Sist oppdatert: 04.12.19
Tekst: Kristian Heggebø | Are Vegard Haug
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix