Nav-tilsette: Veit for lite om arbeidsmarknaden

Nærbilete av ei verktøykasse.

Visste du at det kvart år er over sju millionar besøk på norske Nav-kontor, og at ein tredel av statsbudsjettet går til Nav?

– Samfunnet forventar at dei tilsette ved Nav gjer jobben sin. Nav har som mål å få fleire i arbeid og færre på stønad, fortel Talieh Sadeghi.

Ho er stipendiat ved Senter for profesjonsstudiar, og har saman professor Silje Bringsrud Fekjær mellom anna forska på kor godt rusta dei tilsette i Nav er til å få folk ut i arbeid.

Kva bør Nav-tilsette kunna?

Sadeghi fortel at det dei siste åra har vore auka fokus på om Nav faktisk klarer å aktivera brukarane sine, og om dei lykkast med å få fleire i arbeid.

– Men kva bør dei tilsette i Nav kunna for å få folk i jobb?

– For å få folk i jobb treng tilsette to typar kompetanse: brukarkompetanse og marknadskompetanse, seier Sadeghi.

Brukarkompetanse handlar om korleis Nav-tilsette møter brukarane. Det inneber det relasjonelle arbeidet med brukarane, å kommunisera, handtera konfliktfylte situasjonar og kjenna brukaren.

– Klarer dei Nav-tilsette til dømes å sjå enkeltindividet, og skreddarsy eit opplegg som passar kvar enkelt brukar? Det er ein del av brukarkompetansen, seier Silje Bringsrud Fekjær.

Marknadskompetanse handlar om kjennskap til arbeidsmarknaden, om å vita korleis arbeidsgivar tenkjer og der det er behov for arbeidskraft.

For å få folk i arbeid krevjast altså det som på fagspråket blir kalla arbeidsinkluderingskompetanse blant tilsette i Nav, det inneber å ha kjennskap til både arbeidsmarknaden og å forstå kvar enkelt brukar.

Ulik utdanningsbakgrunn

Dei tilsette i Nav har ulik utdanningsbakgrunn. Rundt tretti prosent er utdanna innan sosialt arbeid, dette er den største yrkesgruppa i Nav. Dei er  først og fremst sosionomar, men også barnevernspedagogar, velferdsvitarar og vernepleiarar.

– Det er grunn til å tru at dei med sosialfagleg bakgrunn har den mest relevante utdanninga for å jobba i Nav, seier Fekjær.

– Men me veit lite om kva slags kompetanse sosialarbeidarane og andre tilsette har med seg inn i etaten, supplerer Talieh Sadeghi.

Difor ønskte Talieh og Fekjær å undersøkja om det var skilnader mellom sosialarbeidarane og tilsette med annan utdanningsbakgrunn når det gjeld inkluderingskompetanse?

Har mindre tiltru til eigen kompetanse

Forskarane bad dei tilsette i Nav om å vurdera eigen kompetanse. Dei fann ikkje skilnader mellom sosialarbeidarane og dei andre tilsette når det gjaldt brukarkompetanse.

– Men dei Nav-tilsette utan sosialfagleg bakgrunn rapporterte at dei har betre marknadskompetanse enn sosialarbeidarane.

– Skilnadene er små, understrekar Sadeghi.

Sidan sosialarbeidarane er den største yrkesgruppa blir dei altså antekne å ha den mest relevante bakgrunnen. Dei resterande 70 prosentane har gjerne ei utdanning innan samfunnsfag, humaniora, helsefag, juss og annan mindre relevant bakgrunn.

– Har dei eigentleg meir kjennskap til arbeidsmarknaden?

– Ja, eigentleg er dette litt overraskande, seier Sadeghi.

Fleire moglege forklaringar

Kva kjem desse skilnadene av? Det kan vera fleire forklaringar på kvifor sosialarbeidarane skårar seg sjølv lågare på marknadskompetanse.

– Me har prøvd å diskutera desse funna i artikkelen. Dei som ikkje har sosialt arbeid i utdanninga si møter kanskje meir nøytralt opp i Nav og har difor meir fokus på arbeidsmarknaden, seier Sadeghi.

Forskarane fortel at andre studiar viser at majoriteten av tilsette i Nav støttar opp om arbeidslinja, men oppslutninga er noko lågare blant tilsette med sosialarbeidarutdanning.

– Dei med sosialfagleg bakgrunn vil i mindre grad enn kollegaene sine omfamna arbeidslinja og strevar dermed etter i mindre grad å tileigna seg marknadskompetanse, seier Sadeghi.

Høgare krav til kompetanse?

Fekjær fortel at ei anna forklaring kan vera at tilsette i Nav med sosialfagleg bakgrunn kan ha høgare standardar.

– Det er fullt mogleg å tenkja seg at sosialarbeidarane i utgangspunktet har høgare krav til kompetanse både med tanke på brukar- og marknadskompetanse, fordi dei i større grad er inne i faget.

– Når det gjeld brukarkompetanse blir likevel dei høgare krava jamna ut av at dei òg opplever å ha reelt høgare brukarkompetanse, fordi dei er utdanna i det, seier Fekjær.

Færre sosialarbeidarar i Nav

– Sosialt arbeid som profesjon kan risikera å mista sin posisjon i arbeidsmarknaden, understrekar Sadeghi.

Det kan sjå ut som me allereie byrjar å sjå tendensar til det, fortel dei to forskarane.

– Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) kan tyda på at andelen sosialarbeidarar i Nav er i ferd med å minka, seier Sadeghi.

Nav har endra profil sidan sosialtenesta si tid. Det er i dag meir fokus på arbeidsliv, på å få fleire i arbeid og færre på stønad.

– Den minkande andelen sosialarbeidarar i Nav kan vera relatert til funna våre, fortel Sadeghi.

– Det kan verka som kompetansen til sosialarbeidarane ikkje er like etterspurd i Nav.

– I og med at Nav er ein viktig arbeidsplass for sosialarbeidarar, må ein vurdera om dette svekkjer moglegheitene deira på arbeidsmarknaden, seier Fekjær.

Må tilpassa opplæring og utdanning

Dei to forskarane konstaterer at sosialt arbeid har denne viktige vurderingsoppgåva framfor seg i åra som kjem.

– Inkluderingskompetanse består av to ulike typar kompetanse. Det må det takast høgd for når ein utarbeider kompetansestrategiar for Nav.

– Så lenge Nav rekrutterer såpass breitt, kviler det eit ansvar på etaten om å utarbeida langsiktige, realistiske og gode kompetansestrategiar for å kunna vareta kompetansebehovet til tilsette, understrekar Sadeghi.

Forskarane understrekar at Navs organisering er annleis enn til dømes lærarar og sjukepleiarar, kor viktige kompetansebehov kan regulerast og tileignast gjennom utdanningane.

– Eit sjukehus og ein skule kan forventa at utdanningsinstitusjonane gjer denne oppgåva. Det same kan ikkje Nav gjera, seier Fekjær.

– Dersom sosialarbeidarane ønskjer å halda oppe sin posisjon i arbeidsmarknaden hos Nav, bør dei som utdannar sosialarbeidarar òg ta høgd for denne tosidigheten når dei vurderer korleis dei skal formidla kunnskapen til studentar, seier Talieh Sadeghi.

Referanse

Sadeghi, Talieh og Silje Bringsrud Fekjær (2018): Frontline workers' competency in activation work (onlinelibrary.wiley.com). International Journal of Social Welfare

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 8. august 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 07.09.2018
Sist oppdatert: 19.07.2023
Tekst: Elise Koppang Frøjd
Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Relatert forsking

Lærer som korrigerer notatene til en elev
Hvorfor er det viktig at lærere og andre profesjoner skal kunne ytre seg fritt?

Hva skjer med styringen av profesjonene og i hvilken grad tør man å uttale seg overfor makten i dagens norske arbeidsliv?

Ungdom som tar selfie
Jo fleire selfies, desto meir kjøper du

Gjennom selfies påverkar ungdom kvarandre til å kjøpa endå meir.

To menn som skyver et stort kjøleskap inn i et hjørne på et kjøkken
Kjøleskap og fryseres levetid ned med 1,5 år

Men vi bytter ikke ut kjøleskapet kun fordi det har sluttet å virke.

Kvinne på ein sofa med eit krus ho held i begge hendene
Kvinner og menn har ikkje ulike haldningar til sjukefråvær

Forsking viser ingen kjønnsforskjell i haldningar og normer for sjukefråvær.

Dataskjerm som ses på skrå gjennom brilleglasset til en mann som ser på skjermen, der det meste av skjermen er ute av fokus. Det eneste som er i fokus er det lille området som ses gjennom brilleglasset.
Myter stenger synshemma ute

– Arbeidsgjevarar kan ikkje nok om synshemming og vel heller å ikkje tilsetje søkjarar.

Mann som sitter på en benk med hodet i hendene i en skog.
Hvordan hindre at flere unge havner på uføretrygd?

Tallet på varig uføretrygdede under 30 år er doblet siden 2006.