Myter stenger synshemma ute

Dataskjerm som ses på skrå gjennom brilleglasset til en mann som ser på skjermen, der det meste av skjermen er ute av fokus. Det eneste som er i fokus er det lille området som ses gjennom brilleglasset.

Chabra forskar på tilhøva for funksjonsnedsette i Oslo og i New Delhi.

Ei undersøking gjort av Ipsos MMI viser at ein blind person med førarhund ikkje har noko særlig sjans for ein gong å bli kalla inn til intervju, og langt mindre bli tilsett i ei stilling, sjølv om han eller ho har kvalifikasjonane som trengst. Fleire arbeidsgjevarar vil heller tilsetje ein person med kriminell bakgrunn før dei tilset ein med synshemming.

Oslo samanlikna med New Delhi

OsloMet-stipendiat Gagan Chhabra, som opprinneleg er frå India, har gjort ei samanlikning ingen andre forskarar har gjort før han.

Korleis har personar med funksjonsnedsetting det i Oslo samanlikna med i New Delhi?

– Eg oppdaga at Noreg berre blir samanlikna med andre OECD-land, land vi liknar på, når det kjem til tilhøva for folk med ei funksjonsnedsetting, seier Chhabra.

– Sjølv om Noreg og India er langt frå kvarandre på dei fleste områder, valde eg likevel å samanlikne dei. Eg trur landa har noko å lære av kvarandre.

Like tilhøve

Du tenkjer kanskje at Oslo ligg milelangt framfor New Delhi når det kjem til inkluderande arbeidsliv?

Tilhøva er faktisk overraskande like når ein samanliknar dei to landa.

– Eg forventa at den norske arbeidsmarknaden var open, inkluderande, tilgjengelig og opplyst slik at arbeidslinja for unge med synshemmingar ikkje inneheldt store barrierar når eg samanlikna det med ein storby i India. Men eg blei overraska over kor likt det er mellom politikken og opplevingane dei unge svaksynte har i arbeidsmarknaden i dei to byane, seier han.

Velferdsstaten Noreg har ei lang historie med fokus på omfordeling og inkludering. Likevel er enkelte grupper meir inkludert enn andre.

I sine studiar ser Chhabra blant anna at Nav ofte anbefaler unge med synshemmingar uføretrygd som løysing. Dette er eit symptom på låge forventningar til denne gruppa.

Låge forventningar til arbeidslivet

«Korleis kjem du deg på do når du ikkje ser?»

Sitatet er frå eit jobbintervju i Oslo. I 2017.

I ein kvalitativ studie gjort blant unge svaksynte jobbsøkjarar i Oslo av Ipsos MMI kom det fram dystre historier.

Det viser seg at dei har låge forventningar til arbeidslivet. Dei unge søkjarane blir møtt med spørsmål som ikkje er relevante for evna til å utføre jobben dei søkjer, og som viser at arbeidsgjevaren ikkje kan nok om tilhøva deira.

– Kan du bruke datamaskin? Korleis kjem du deg på do? Korleis kjem du deg til jobb? Fleire av søkjarane kjente på diskriminering og blei møtte med alternative forklaringar for å ikkje bli invitert til intervju eller tilsett i det heile. Fleire blir møtte med avvising når arbeidsgjevar oppdagar at dei er svaksynte.

– Beklagar, vi har akkurat tilsett ein annan søkjer.

– Enten har arbeidsgjevarane lite kunnskap om unge med funksjonsnedsetting, eller så meiner dei at det er staten si oppgåve å hjelpe gjennom ulike støtteordningar, seier Chhabra.

Fakta

Gagan Chhabra forskar for tida ved University of California, Berkeley.
I arbeidet med doktorgraden har han intervjua 25 fagfolk (policy experts), 11 frå Oslo og 14 frå New Delhi, for å få oversikt over diskriminerings- og tilgjengelighetslovene i dei to landa.
Chhabra har vidare intervjua 30 unge menneskje med synshemming, 13 frå Oslo og 17 frå New Delhi, for å få eit innblikk i korleis lovene virkar.
Prosjektet skal etter planen avsluttast oktober 2019.

Ikkje mykje å skryte av

Både fagfolk og dei unge som Chhabra snakka med i studien ser at arbeidsgjevarar ofte tenkjer at likestilling berre betyr likestilling av kjønn og kulturell bakgrunn. Likestilling av personar med ei funksjonsnedsetting er ofte ikkje noko arbeidsgjevarar i Oslo og New Delhi tenkjer på.

Dei unge søkjarane seier sjølv at det offentlig blir uttalt at funksjonsnedsette kan gjere ein like god jobb som funksjonsfriske. Røynda er ei anna.

– Noreg er langt framme på ein del områder når det kjem til å leggje til rette for personar med funksjonsnedsetting og vi er komme langt i arbeidet med å gjere samfunnet universelt utforma. Men på arbeidsmarknaden har vi ikkje mykje vi kan skryte av, seier Chhabra.

Gjennom sine samanliknande studiar håpar han å få til ein meir open og ærlig offentlig samtale om temaet.

– Mangelen på kunnskap fører til skadelige haldningar og i lengden blir det dyrt for oss å ikkje la disse unge menneska få ta del i arbeidslivet, avsluttar han.

Referansar

Rapport utarbeida for Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne av Erik Dalen MMI 14. mars 2006.

Denne saken ble opprinnelig publisert på hioa.no 25.09.2018.

Laster inn ...
Publisert: 25.10.18
Sist oppdatert: 03.09.19
Tekst: Hallvard Lavoll
Foto: Scanpix
Oppvekst, skole og utdanning

– Samfunnet trenger flere med masterutdanning

Det blir stort behov for folk med masterutdanning framover.

Glassgate, arkitektur
Arbeidsliv, samfunn og velferd

– Konflikter må håndteres tidlig

Når følelser trigges blir konflikter vanskelige.

Illustrasjonsbilde
Forbruk, klima og miljø

Så mye koster barna deg

Det koster fort over 20 000 kroner i måneden å drifte en familie på to voksne og to barn.

Folk som sitter ved flere langbord og spiser salat
Forbruk, klima og miljø

Svenskene er ute til lunsj, mens nordmenn sverger til matpakka

Matvanene i Norge har endret seg overraskende lite de siste 15 årene.

Portrett av mann med bart på et lager
Arbeidsliv, samfunn og velferd

Kva skjer dersom fleire jobbar til dei blir 70?

Langt fleire kan jobbe fram til dei blir 70 utan at det går ut over frivillig arbeid eller familieomsorg.

Hvite klær hengt opp til tørk som flagrer i vinden
Forbruk, klima og miljø

Klærne dine påvirker miljøet mer enn du tror

Til tross for store miljøbelastninger i produksjonen er likevel bruken av klær viktig for den totale miljøbelastningen fra klesforbruket.