«No skal eg stille deg eit litt annleis spørsmål. Det kan kanskje opplevast som litt ubehageleg.»
Det er første svangerskapskontroll på helsestasjonen. Den gravide og jordmor har akkurat møtt kvarandre for første gang. Til tross for dette, skal jordmor stille spørsmål om ein av dei mest sensitive tema som finst: vald.
Allereie ved første svangerskapskontroll blir jordmødrene i Noreg anbefalt å spørje gravide om vald. Målet er å identifisere kvinner som har opplevd eller opplever vald, og tilby hjelp så tidleg som mogleg. Men korleis kan ein gå fram for å stille eit så personleg spørsmål til nokon ein nettopp har møtt? Det har Marit Nygård Halvorsen ved Senter for Profesjonsforskning (SPS) ved OsloMet forska på.
– Tidlegare forsking viser at jordmødrer beskriv det å spørje om vald som krevjande, sjølv om det er noko dei veit at dei bør gjere. Nokon peiker på tidspress og manglande opplæring, andre er usikre på korleis dei skal formulere spørsmålet og kjenner på uro på kva svaret kan vere, seier Halvorsen.
– Kjem det ut av det blå?
Forskaren har analysert 35 videoopptak frå svangerskapskonsultasjonar på helsestasjonar. I 21 av desse fekk den gravide spørsmål om vald.
– Vi har undersøkt kva som skjer rett før spørsmålet kjem. Kjem det ut av det blå? Har jordmora forberedt temaet på ein eller anna måte? Det vi ser er at det er særleg to tilnærmingar som blir brukt; ei oppgåveorientert tilnærming og ein samtalande tilnærming, seier ho.
Typiske spørsmål for den oppgåveorienterte tilnærminga kunne vere «Dette spør eg alle om» eller «No skal eg stille deg eit litt annleis spørsmål, som kanskje er litt ubehageleg».
I eitt av opptaka blir det også referert til at dette er spørsmål som tilhøyrer eit standardisert skjema, noko som fortel den gravide om at dette er noko ein berre «må» gjennom, og at det ikkje er jordmor sjølv som har mistankar.
– Her introduserer jordmor ein tankegang om at dette er ein del av eit institusjonelt krav. I tillegg forbereder ho den komande mora på at nokre av spørsmåla kanskje kan oppfattast som «rare», seier Halvorsen.
Til saman er opplevinga at jordmor balanserer mellom dei institusjonell krava og den sensitive naturen til spørsmålet, seier Halvorsen.
Kva er den rette formuleringa? Kva er den rette timinga? Kva skal dei gjere med svaret?– Marit Nygård Halvorsen
– Sensitive spørsmål
Felles for tilnærmingane er at dei viser noko retningslinjer sjeldan fangar; sensitive spørsmål må forberedast. Halvorsen vil, med forskinga si, vise at retningslinjer er viktige, men at det ikkje er nok å fortelje helsepersonell at dei skal spørje, men at dei også må få opplæring og støtte i korleis spørsmålet skal stillast.
– Kva er den rette formuleringa? Kva er den rette timinga? Kva skal dei gjere med svaret?, spør ho.
Frå retningslinje til praksis
Målet til Halvorsen er å nå ut til jordmødrene og dei som skal stille desse viktige spørsmåla.
– Temaet for doktorgrada mi er korleis desse spørsmåla stillast i praksis. Korleis spør jordmødrer faktisk om vald og kvifor er det så vanskeleg å stille dessa spørsmåla, og skil dei seg frå retningslinjene?, spør ho.
Halvorsen meiner at noko av svaret ligg i undervisning.
– Det er behov for at undervisning blir meir praksisnær. Eg meiner at ved å bruke videoar, forberede jordmødrer på ulike scenario og å lære dei om dei ulike typane vald, kan det bli enklare for dei å ta det med seg i arbeidet, seier ho.
Halvorsen meiner også at personlege eigenskapar ofte er det viktigaste.
– Retningslinjer og undervisning rundt dette tema kan ikkje erstatte personlege eigenskapar som det å vere ein menneskekjennar. Men, det kan vere eit godt verktøy til dei som har behov for litt ekstra støtte og studentar som snart skal stille spørsmåla for første gong, avsluttar ho.
Kontakt
Referansar
Marit Nygård Halvorsen, Mirjam Lukasse, Anne Marie Landmark, 2025: More Than a Question: A Conversation Analysis of Midwives' Approaches to Addressing Violence in Antenatal Care (onlinelibrary.wiley.com)
Forskningsprosejektet VIP: Videobaserte læringsformer i Profesjonsutdanningen (usn.no).