Generasjon Z, generasjonen som vart fødd på slutten av 1990-talet og fram til tidleg 2010-tal, har blitt kritisert for å vere krevjande å leie og ha dårleg arbeidsmoral, ifølgje ein NHO-studie frå januar 2025.
Ei gruppe forskarar ønskte derfor å undersøke om det var grunn til uro for velferdsstaten si framtid.
– Generasjon Z skal både finansiere velferdsordningane og dekke det store behovet for arbeidskraft i åra framover, seier Guro Ødegård, forskar og instituttdirektør på Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet.
Om dei klarer det, i ei tid med eldrebølgje og senkande fødselstal, vil tida vise.
– Men det vi fann i våre undersøkingar, tydar på at velferdsstaten står trygt.
Ein generasjon som stiller krav
Ødegård har saman med kollagaane Tale Hellevik og Anne Skevik Grødem analyserte data frå spørjeundersøkinga Norsk Monitor i tillegg til at dei samla studiar om velferdsstat, ungdom og arbeidsliv. Resultata vart presenterte på Arendalsuka i august 2025.
Sjå faktaark om funna her (oda.oslomet.no).
– Alle ungdomsgenerasjonar blir påverka av tida dei veks opp i. Generasjon Z er den første heildigitale generasjonen. Dei er fødde med internett i lomma, seier Ødegård.
Dette påverkar dei på mange måtar, mellom anna kan det vere med å forme forventningane deira til eit fleksibelt arbeidsliv, trur ho.
– Dagens unge stiller høge krav til balanse mellom jobb og fritid. Dei ønskjer individfokusert leiarskap, og sjølvstende appellerer meir til dei enn det gjer til eldre generasjonar.
Ho viser til ein studie av Sean Lyons og Lisa Kuron i 2013 som fann nettopp dette (psycnet.apa.org), resultat Ødegård meiner framleis gjeld.
Mange av dagens unge stiller høge krav. Dei vil ha ein god balanse mellom jobb og fritid, og dei vil ha makt over sine eige liv. Men dei viser samtidig ei sterk støtte til velferdsstaten.– Guro Ødegård

Solidaritet og skattevilje
Velferdsstaten ser likevel ut til å ha ein solid oppslutnad. For eksempel har unge ein sterk solidaritet med eldre, ifølgje forskarane sine analysar.
– Dei fleste unge meiner at det er ei viktig samfunnspolitisk oppgåve å styrke eldreomsorga. Faktisk har unge mykje sterkare generasjonssolidaritet med eldre enn kva eldre har med for eksempel barnefamiliar, seier Ødegård.
I Norsk Monitor vart respondentane også spurte om det er nødvendig med eit høgt skattenivå for å oppretthalde viktige offentlege verksemder.
– Vi ser at generasjon Z er minst like villig til å betale skatt som eldre generasjonar. Sidan tusenårsskiftet har skatteviljen auka mest blant dei yngste.
Fleire unge er uføre
Ødegård påpeikar at enkelte utviklingstrekk likevel kan gje grunn til bekymring. Til dømes viser tal frå NAV at delen unge som mottar uføretrygd har auka det siste tiåret, særleg i aldersgruppa 25-29 år.
– Det er ikkje alle som kan delta i arbeidslivet, men av unge uføre i dag har nesten sju av ti psykiske lidingar eller åtferdsforstyrringar som hovuddiagnose, seier ho.
Her veit ein ikkje nok om årsakene, men generasjon Z er ein bekymra generasjon: Kvar fjerde ungdom svarte i 2021 at dei ofte var bekymra for framtida, ifølgje Ødegård og kollegaene sine analysar.
Smarttelefonar og urolege tider
– Framtidsbekymringa blant unge har auka veldig det siste tiåret, men ikkje for dei over 40. Dette er globale tendensar: Unge har blitt meir bekymra etter 2010, seier ho.
Ho trekkjer fram sosialpsykologen Jonathan Haidt, som legg mykje av skulda på digitaliseringa av barndomen. Ifølgje Haidt er det ikkje smarttelefonar eller sosiale media som i seg sjølv er årsaka, men funksjonar som «liker», «del» og «retweet» som blei introduserte i 2010 saman med frontkamera på telefonen.
– Smarttelefonen kan ha noko av skulda, men vi skal heller ikkje sjå bort frå at dagens unge veks opp i ei politisk uroleg tid med fleire krigar, eskalerande klimakrise, global pandemi og usikre økonomiske tider. Alt dette kan skape ei uro for det ansvaret som følgjer med å bli vaksen.
Meiner at arbeidsgjevarar må tilpasse seg
I arbeidslivet er det ifølgje Ødegård lite å hente på å prøve å få dagens unge til å innordne seg hierarkiske maktstrukturar. Dei har gått gjennom eit skuleløp som verdset medverknad, kritisk tenking og ansvar for eiga læring, poengterer ho.
– Då vil eg heller snu spegelen: Dagens unge har ein unik evne til å tilpasse seg og utnytte digitale verktøy. Dette er kompetanse framtidas arbeidsliv treng. Dei arbeidsgjevarane som klarer å tilpasse seg krava deira, vinn kampen om dei. Her gjeld det å skape gode arbeidsplassar der individ blir sett og får brukt kompetansen sin.
Men kanskje må ein også gje unge ein forsiktig dytt i retning av jobbar som vil vere viktige for Noreg framover, foreslår ho.
– Med ei aukande eldrebølgje, skrik det norske samfunnet etter arbeidarar som kan vere med å oppretthalde velferdsstaten. Då kan ikkje alle bli influensarar, seier Guro Ødegård.
Referanse
Ødegård, G.; Hellvik, T. og Grødem, A.S. (2025). Vil generasjon Z bære velferdsstaten? Kort oppsummert nr. 3/25 (oda.oslomet.no)