Mister, gløymer og øydelegg: så mykje kostar det ekstra å ha barn med ADHD

jente med ipad sitter på aktivitetsball

Mellom tre og fem prosent av norske barn får diagnosen ADHD. Det kan føre til ein vanskeleg skolekvardag, problem med sjølvbiletet og kompliserte relasjonar med dei næraste. Det kan òg vere dyrt for familiane.

Frå 16 til 67 prosent auka kostnadar

– Vi har intervjua 15 familiar som oppdrar barn med ADHD for å forstå dei faktiske kostnadane som følgjer med diagnosen, seier Marthe Hårvik Austgulen, som står bak studien saman med kollegaer ved SIFO, OsloMet.

Med utgangspunkt i SIFO sitt referansebudsjett finn forskarane ei auking i månadlege kostnadar for desse familiane på mellom 16 og 67 prosent samanlikna med andre familiar.

Dette er den første studien i Noreg som tek utgangspunkt i familiane sine reelle behov, og ikkje berre rapporterte utgifter.

– Det varierer veldig korleis dei vurderer sin økonomiske situasjon, men alle er tydelege på at diagnosen fører med seg ekstra utgifter, seier Austgulen.

Kvifor auka utgifter?

Det er mange årsaker til at desse familiane får auka utgifter. Mange opplever at barna gløymer, mister eller får øydelagt tinga sine. Dei fortel om auka slitasje på til dømes klede og møblar.

Alle familiane har betydeleg auka kostnader til klede og sko samanlikna med referansebudsjettet.

«Eit lite hol eller ein laus tråd fører fort til at plagget blir heilt øydelagt, fordi barnet drar og fiklar med det», oppgjer mange.

«Eg trur eg har kjøpt hundre par vottar i år. Ho forlèt dei overalt. Det same med øyrevarmarar, luer, og alt mogleg, eigentleg, òg jakker», seier ei mor.

– Det er ikkje nødvendigvis dei auka kostnadane til klede og sko som utgjer den største summen, seier Austgulen.

– For mange familiar er det dei auka kostnadane til transport som er størst i kroner og øre. Mange familiar har òg betydelege ekstrakostnadar knytt til leik og mediebruk.

Dette treng familiane

Ofte må familiane kjøpe inn spesialtilpassa varer eller tenester for å hjelpe barnet.

«Vi heng opp husker overalt, ei trampoline, ein punchingball, alt mogleg som kan hjelpe. Huset vårt er utstyrt med slike ting som gjer at ho kan vere aktiv og brenne av litt energi», seier ei mor.

Fleire familiar fortel at dei treng utstyr som vektdyner for betre søvn, utstyr som stimulerer til fysisk aktivitet, og hovudtelefonar og skjermar, som iPad og liknande, for å hjelpe barnet å roe seg ned.

Fleire fortel òg at barnet deira treng å prøve ut mange ulike fritidsaktivitetar, startar og sluttar på mange ting, og at dette fører til auka utgifter til både kontingentar og utstyr.

Stønadene bør auke

Dei auka utgiftene kan vere vanskelege å bere for mange familiar, og tidlegare forsking har vist at foreldre ser seg nøydde til å jobbe mindre for betre å kunne ta vare på barn med ADHD. Familiane i undersøkinga bruker både tid og krefter på å reparere ting som blir øydelagt og finne fram til produkt som ikkje er for dyre.

Familiane kan søkje om grunnstønad (nav.no) for å dekke ekstrautgifter knytt til ‘drift av tekniske hjelpemiddel’, ‘transport’, ‘førarhund’, ‘mat på grunn av spesialdiett’, ‘klede, sengetøy, sko og støvlar’, og ‘servicehund’.

Studien viser at familiane har auka kostnadar innan fleire forbruksområde enn dette, som leik og fritid, møblar, hushaldsutstyr og liknande.

– I dag kan familiar søke om støtte gjennom grunnstønadsordninga, men vår studie avdekker betydelege svakheiter i ordninga si utforming, seier Austgulen.

– Grunnstønaden dekker berre eit avgrensa utval varer og tenester, medan familiane rapporterer om kostnadsauke innan langt fleire område. Dette gjer at ordninga ofte ikkje strekk til for å redusere den økonomiske belastninga knytt til ADHD.

–  Vi foreslår at ordninga òg burde omfatte dei forbruksområda kor familiane faktisk har ekstrakostnadar, seier ho.

Referanse

Austgulen, M.H., Alecu, A.I. and Roos, G. (2025): Economic Costs of Raising a Child with ADHD in Norway: A Needs-Based Approach (sjdr.se). Scandinavian Journal of Disability Research, 27(1).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Bilde fra undervisning i klasserommet med grunnskoleelever
Mange barn med ADHD trives ikke på skolen

En ny studie fra OsloMet viser at bare rundt halvparten av barn med ADHD trives på skolen. Trivselen er lavest hos de som får undervisning utenfor klassen store deler av dagen.

gutt som røyker
Unge bruker cannabis på ulike måter – én gruppe vekker bekymring

Forskere deler unge cannabisbrukere inn i fire kategorier.

pappa med to barn
Halvparten av alle aleneforeldre i Norge har ikke råd til nok mat

Norske barnefamilier er hardt rammet av dyrtiden, viser ny rapport. Enslige foreldre er særlig utsatt.

Publisert: 17.11.2025
Sist oppdatert: 17.11.2025
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Johner/NTB