Overgangen til arbeidslivet: Store forskjellar blant unge som har vore under omsorg av barnevernet

Ung kvinnem som jobbar i bar, ser sliten ut.

Kort oppsummert

  • Forskarar har undersøkt korleis overgangen til arbeidslivet er for unge som har fått omsorg utanfor heimen gjennom barnevernet.
  • Ungdom som hadde budd på institusjon i tenåra, hadde dei mest sårbare overgangane til vaksenlivet.
  • Dei som kom tidleg i fosterheim, klarte seg jamt over betre.
  • Studien viser at barn og unge med barnevernserfaring ikkje er éi gruppe, og at stabilitet aleine ikkje er nok for å sikre gode utfall.

Oppsummeringa er delvis laga av Microsoft Copilot og kvalitetssikra av OsloMet. 

– Vi veit frå før at unge som har vore i barnevernsystemet som barn eller ungdom, har større risiko for arbeidsløyse og økonomisk usikkerheit når dei blir vaksne, seier stipendiat Trine Holten ved Institutt for sosialfag. 

Risikoen ser ut til å vere høgare for dei som har fått omsorg utanfor heimen, altså dei som har budd i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon, enn for dei med anna barnevernserfaring.

– Men når det blir forska på dette, blir kategoriane ofte forenkla og unyanserte. Studien vår peikar på at dei som har fått omsorg utanfor heimen, ikkje er ei homogen gruppe. Dei har svært ulik historikk når det gjeld barnevernstiltak, seier Holten.

Størst risiko for institusjonsungdommar

Saman med kollegaer har ho analysert registerdata for tre norske fødselskull fødd på 90-talet og sett på korleis overgangen til arbeidslivet var for dei som hadde fått omsorg utanfor heimen. 

Dei fann store forskjellar internt i gruppa.

– Ungdommane som hadde budd i barnevernsinstitusjonar i tenåra, hadde oftare sårbare overgangar til arbeidslivet enn dei andre, seier Holten.

Dei hadde oftare problem med å etablere seg i arbeidslivet og hadde høgare risiko for å bli avhengige av offentlege ytingar.

Stabilitet er ikkje nok aleine

Holten meiner dette er særleg interessant fordi desse ungdommane hadde dei mest stabile tiltaksforløpa. Dei blei i liten grad flytta mellom ulike typar tiltak i barnevernet.

– Slik stabilitet verkar å vere eit ideal i barnevernstenesta, og ein del tidlegare forsking vektlegg at stabilitet kan ha ein positiv innverknad på overgangen til jobb. Men sidan ungdommane med stabile institusjonsforløp var dei mest sårbare, kan det tyde på at stabilitet ikkje nødvendigvis er eit gode i seg sjølv, forklarer Holten.

Kvinne står foran ein gul vegg.

Trine Holten er stipendiat og klinisk spesialist i familiebehandling ved Institutt for sosialfag. Foto: Pål Arne Kvalnes

Sein innblanding kan vere ein risikofaktor

Studien viser at det er meir enn stabilitet som kan vere viktig for overgangen til vaksenlivet. Kor tidleg barnevernet tar over omsorga og kva som er årsaka til tiltaka, kan også ha noko seie.

Forskarane fann at ungdom som blei plassert i omsorg utanfor heimen først seint i oppveksten, hadde større risiko for ein sårbar overgang til vaksenlivet.

– Det gjaldt særleg ungdommar på institusjon. For dei greip barnevernet ofte ikkje inn med omsorgstiltak før dei var tenåringar, seier Holten.

Dei mest sårbare kjem dårlegast ut

Dei som blei plasserte i fosterheimar tidleg i livet og fekk langvarige opphald der, hadde i mindre grad sårbare overgangar til arbeidslivet.

Holten seier det tyder på at stabilitet har ulik betydning for ulike grupper.

– For dei i langvarige opphald i fosterheimar, ser stabilitet ut til å ha ein positiv samanheng med overgangen til vaksenlivet, i motsetning til dei som har budd på institusjon.

– Vi må derfor i større grad vurdere stabilitet i samanheng med tiltaka som blir gitt og det individuelle behovet til barna, meiner ho.

Holten seier funna indikerer at omsorg utanfor heimen ser ut til å fungere betre for barn og unge som har mindre utfordringar, enn for dei aller mest sårbare. 

– Og det er dei mest sårbare som oftast blir plasserte på institusjon.  Det kan tyde på at dagens tiltak ikkje er tilstrekkelege for dei mest sårbare unge.

Overraskande funn

Eit overraskande funn var at ungdom som hovudsakleg hadde fått hjelpetiltak heime, hadde omtrent like høg risiko for sårbare overgangar til arbeidslivet som dei som hadde budd på institusjon. 

– Dette er ei svært samansett gruppe. Mange fekk hjelp seint, og fleire hadde komplekse og ustabile forløp med ulike typar tiltak både i og utanfor heimen. Det kan vere ein del av forklaringa, seier Holten.

Forskaren meiner dette funnet illustrerer kor misvisande dei vanlege kategoriane i barnevernsforskinga kan vere

– Vi må vere varsame med å forenkle for mykje.

Viktig med individuelle vurderingar

Holten meiner studien viser behov for meir kunnskap om forskjellane internt i dei typiske barnevernskategoriane.

– Det er framleis stor usikkerheit om kva tiltak som fungerer best for ulike barn og under kva omstende. Dei store individuelle forskjellane mellom barn understrekar behovet for individuelle vurderingar.

Referanse

Holten, T., Hiilamo, A. og Hermansen, Å (2026). Clusters of out-of-home care trajectories and precarious school-to-work transitions: A Norwegian national register study (sciencedirect.com). Child Abuse and Neglect.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Et par ben står på et gulv.
Unge i barnevernsinstitusjon i 17-årsalderen har høyere sannsynlighet for tidlig død

En ny undersøkelse ser på sannsynligheten for gunstige og ugunstige livsforløp for de med barnevernserfaring.

Familien i filmen «Fjord»
Barnevernsforskere forsvarer filmen «Fjord»: – Forteller om noe alvorlig ved vårt samfunn og norsk barnevern

«Fjord» har fått kritikk på grunn av måten barnevernet fremstilles på, men forskerne mener det er en viktig film.

Ungdom ligger i en sofa med ryggen til kamera.
– Barnevernsbarn får ikke den oppveksten de har krav på

Barn og unge i barnevernsinstitusjoner trenger trygghet og nære relasjoner. Forskere mener dagens system gjør det vanskelig å gi dem det.

EI vaksen kvinne står foran ein ungdom som sitt i ein sofa med hodet i henda.
Barnevernstilsette manglar verktøy i møte med ungdom og rus

Fleire ungdommar i barnevernsinstitusjonar i Oslo slit med rus, men dei tilsette manglar ein tydeleg og systematisk måte å følgja dei opp på.

Publisert: 20.10.2026
Sist oppdatert: 20.10.2026
Tekst: Kristine Welde Tranås
Foto: Shutterstock og Pål Arne Kvalnes